Anarki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulike styresett

Lista er sortert alfabetisk.

Anarki (frå gresk ἀναρχία anarkhia, 'fråvær av styre') er eit omgrep som kan ha fleire liknande tydingar.

  1. Fråvær av alle former for politisk autoritet og/eller sosialt hierarki
  2. Politisk uorden og forvirring
  3. Fråvær av styrande prinsipp, til dømes felles standardar og formål

Den første definisjonen, fråværet av politisk autoritet, kan visa til eit samfunn basert på anarkisme eller anarkosyndikalisme, eller til det internasjonale politiske systemet.

I den andre og tredje tydinga viser omgrepet til statar med politisk kaos, der politisk autoritet er broten ned eller aldri har funnest. Den noverande stoda i Somalia er eit døme på dette.