Dagny Tande Lid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagny Tande Lid
Dagny Tande Lid.jpg
Fødd 25. mai 1903
Nissedal
Død

28. januar 1998
Oslo

Yrke illustratør, sjølvbiograf, kunstmålar, lyrikar, frimerkekunstnar, scientific illustrator, skribent

Dagny Tande Lid (25. mai 190328. januar 1998) var ein norsk målar, illustratør og lyrikar.

Dagny Tande var ei prestedotter fødd i Nissedal kommune i Telemark. Ho var gift med botanikaren Johannes Lid. Ho døydde i Oslo.

Lid oppnådde internasjonalt ry for planteteikningane sine, og ho er kjend for dei eigenillustrerte diktsamlingane sine, for botaniske illustrasjonar på norske frimerke og for illustrasjonane i Johannes Lids standardverk Norsk flora. Ho har også illustrert andre bøker om blomstrar, blant anna Olav Gjærevolls Fjellflora, som sidan 1952 har hatt eit samla opplag på 325 000 eksemplar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]