Tyr i Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°16′15″N 35°11′46″E
Tyr
by
TyreFishingHarbour.jpg
Fiskehamna i Tyr
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
guvernement Sør guvernement
Distrikt Tyr distrikt
Koordinatar 33°16′15″N 35°11′46″E
Areal km²
 - storbyområde 17 km²
Folketal 60 000
 - by 174 000
Folketettleik 15 000 / km²
Grunnlagd 2750 fvt.
Tidssone Eastern European Time (UTC+02)
Verdsarvstad
År 1984 (#8)
Nummer 299
Region Arabarlanda
Kriterium kulturelt
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tyre

Tyr (arabisk صور, Ṣūr; fønikisk צור, Ṣur; hebraisk צוֹר, Tzor; tiberisk hebraisk צר, Ṣōr; akkadisk: 𒋗𒊒 Ṣurru; gresk: Τύρος, Týros; tyrkisk Sur; latinsk Tyrus), stundom skrive Sour, er ein by i Sør guvernement i Libanon. Han hadde kring 117 000 innbyggjarar i 2003.[1] Tyr stikk ut frå kysten i Middelhavet, kring 80 km sør for Beirut. Namnet på byen tyder «klippe»[2] etter klippeformasjonen som byen opphavleg vart bygd på.

Tyr er ein gammal fønikisk by og den legendariske fødestaden til Europa og Elissa (Dido). I dag er han den fjerde største byen i Libanon[3] og husar ein av dei største hamnene i landet. Turisme er ein stor industri. Byen har mange stader frå antikken, som den romerske Hippodromen, som vart lagt til verdsarvlista i 1979.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Triumfbogen (rekonstruert).
Ruinar av antikke søyler i Al Mina.
Rektangulært teater ved Al Mina.
Den moderne sørlege delen av Tyr

Tyr bestod opphavleg av to bysentrer, sjølve Tyr, som låg på ei øy like utafor kysten, og den tilknytte busetnaden Ushu på fastlandet. Aleksander den store knytte øya til fastlandet då han bygde ei vegfylling under omleiringa av byen,[4] og øydela den gamle byen.[5]

Den originale byen på øya hadde to hamner, ei på sørsida og ei på nordsida av øya. Det var desse to hamnene som gjorde at Tyr dominerte handelen slik han gjorde. Hamna på nordsida av øya var ei av dei beste hamnene aust i Middelhavet. Hamna i sør mudra til, men hamna på nordsida er framleis i bruk i dag.[6]

I antikken var byen på øya kraftig forsvart med festningsmurar. Murane var 50 meter høge.[7]) Busetnaden på fastlandet, opphavleg kalla Ushu (seinare kalla Palaetyrus, som tyder «Gamle Tyr» av grekarane) var truleg meir ein forstad enn ein by, og vart hovudsakleg nytta som ei kjelde til vatn og tømmer for hovudbyen på øya.[8] Josefus skriv at dei to kjempa mot kvarandre ved eitt høve,[9] men det meste av tida støtta dei kvarandre, fordi dei begge var avhengig av handel med kvarandre.

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Tyr vart grunnlagd kring 2750 fvt. i følgje Herodotus og vart bygd som ein innmurt by på fastlandet.[10] Namnet finst på monument så tidleg som 1300 fvt. Filo av Byblos (i Eusebius) siterer Sanchuniathon som skreiv at han vart først okkupert av Hypsuranius. Verket til Sanchuniathon skal ha vore dedisert til «Abibalus konge av Berytus»—kanskje den Abibaal som var konge i Tyr.[11]

Dei ti Amarnabreva daterte til 1350 fvt. frå borgarmeisteren Abimilku til Akenaten i Egypt nemner byen.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Handelen i den antikke verda var samla i varehusa i Tyr. «Tyriske handelsmenn var dei første som navigerte Middelhavet, og dei grunnla koloniane sine på kysten og naboøyane i Egearhavet, i Hellas, på nordkysten av Afrika, ved Kartago og andre stader, på Sicilia og Korsika, i Spania ved Tartessus, og sjølv forbi Herkulessøylene ved Gadeira (Cádiz)».[12]

Byen Tyr var særleg kjend for produksjonen av eit sjeldan og særleg dyrt lilla fargestoff, skapt frå eit skaldyr. Fargen vart kalla tyrisk purpur. Fargen var i mange kulturar i antikken berre nytta av kongelege, eller i det minste adelege.[13]

Tyr vart ofte angripen av Egypt, kringsett av Shalmaneser V, som assisterte fønikarane på fastlandet, i fem år. Frå 586 til 573 fvt. var byen kringsett av Nebukadnesar II[14] fram til Tyr gjekk med på å betale skatt.[15]

I 538 fvt. erobra akamenidane byen,[treng kjelde] og dei styrte byen fram til 332 fvt., då Aleksander den store kringsette byen, erobra han og jamna han med jorda.

I 315 fvt. kringsette den tidlegare generalen til Aleksander, Antigonus òg Tyr,[15] og tok byen eit år seinare..[16]

I 126 fvt. fekk tyr sjølvstende (frå selevkidane)[17] og heldt dette, som ein «civitas foederata»,[18] då området vart ein romersk provins i 64 fvt.[19] Tyr heldt fram å vere ein viktig handelsby gjennom den kristne perioden.

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

Det er nemnt i Bibelen at Jesus vitja regionen kring Tyr og Sidon og lækja ein heidning (Matteus 15:21; Markus 7:24) og frå denne regionen kom mange for å høyre han preike (Markus 3:8; Lukasevangeliet 6:17, Matteus 11:21–23). Det vart raskt oppretta ein kyrkjelyd her etter at St. Stefan døydde, og Paulus, på veg attende frå den tredje misjonsferda si, var ei veke i Tyr, der han konverserte med disiplane. I følgje Irenaeus av Lyon i Adversus Haereses, kom det kvinnelege følgje til Simon Magus frå her.

Etter å ha først falle i 1111, vart han erobra av krossfararane i 1124, og vart ein av dei viktigaste byane i Kongedømet Jerusalem. Han var ein del av kongedømet, men hadde samstundes noko sjølvstende som handelskoloni der for italienske handelsbyar. Byen var setet for erkebiskopen av Tyr, ein suffragan i Det latinske patriarkatet Jerusalem. Erkebiskopane her vart ofte patriarkar. Den mest kjende av dei latinske erkebiskopane var historikaren Vilhelm av Tyr.

Etter kong Richard erobra Akko på ny den 12. juli 1191, vart setet i kongedømet flytta der, men kroningane fann stad i Tyr. På 1200-talet var Tyr skild frå kongedøme som eit eige herredøme. I 1291 vart han erobra av mamelukkane som så vart følgd av osmansk styre før den moderne staten Libanon vart erklært i 1920.

Etter 1920[endre | endre wikiteksten]

Eit stort skild som markerer gamlebyen i Tyr som verna område.

Dagens Tyr dekkjer ein stor del av den originale øya og har utvida til å dekkje det meste av fyllinga, der ein har fylt att mykje på kvar side. Delen av den originale øya som ikkje er dekt av den moderne byen Tyr er hovudsakleg ein arkeologisk stad som syner korleis byen såg ut i antikken.

Tyr vart hard råka i 1970-åra under operasjon Litani og tidleg i 1980-åra (Libanonkrigen i 1982) under krigen mellom Israel og Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO). Byen vart nytta som base av PLO og vart nesten øydelagd av israelsk artilleri.[20] Etter Israel i 1982 invaderte Sør-Libanon, vart byen ein israelsk militærpost. Seint i 1982, og igjen i november 1983, vart bygdningane som husa det israelske hovudkvarteret øydelagd av bomber, og førte til mange dødsfall. Eksplosjonen i 1983, ved hjelp av ei bilbombe, skjedde berre ti dagar etter ei liknande bilbombe gjekk av utafor forlegninga til amerikanske og franske soldatar i Beirut. Israel og amerikanarane gav Iran og Hizbollah skulda for bombene, men dei nekta for all involvering.

Under Libanonkrigen i 2006, vart fleire rakettutskytingsstader nytta av Hizbollah til å angripe Israel funnen i forstadane kring byen.[21] Minst ein landsby nær byen vart bomba av Israel, og det same vart fleire stader inne i byen, noko som førte til tap av sivile liv og matmangel i Tyr.[22] Israelske kommandosoldatar gjekk òg til åtak på Hizbollah-mål inne i byen.[23]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Tyr er i dag ein hovudsakleg sjiamuslimsk bye, med eit lite kristent samfunn. Byen er òg heimstad til over 60 000 palestinske flyktningar som hovudsakleg er sunnimuslimar. Amalrørsla og Hizbollah er dei mest populære partia.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lebanon – city population
  2. (Bikai, P., "The Land of Tyre", in Joukowsky, M., The Heritage of Tyre, 1992, chapter 2, p. 13)
  3. Tyre City, Lebanon
  4. Presutta, David. The Biblical Cosmos Versus Modern Cosmology. 2007, page 225, referencing: Katzenstein, H.J., The History of Tyre, 1973, p.9
  5. Robin Lane fox, Aleksander den store 1973:181f.
  6. See Jidejian, Nina. Tyre Through the Ages, 1969, for further information about the history of Tyre and its present condition.
  7. Lorenzi, Rossella (May 21, 2007). Sandbar Aided Aleksander den store. Discovery News. 
  8. 'Tyre' from Encyclopædia Britannica 11th ed.
  9. Historical references to Tyre
  10. Bement, R B. Tyre; the history of Phoenicia, Palestine and Syria, and the final captivity of Israel and Judah by the Assyrians. Ulan Press. s. 47. ASIN B009WP2MR8. 
  11. Vance, Donald R. (March 1994) "Literary Sources for the History of Palestine and Syria: The Phœnician Inscriptions" The Biblical Archaeologist 57(1), pp. 2–19
  12. frå 'Tyre' i Easton's Bible Dictionary
  13. Bariaa Mourad. "Du Patrimoine à la Muséologie : Conception d'un musée sur le site archéologique de Tyr",(Thèse); Museum National d'Histoire Naturelle (MNHN), Study realised in cooperation with the Unesco, Secteur de la Culture, Division du Patrimoine Culturel, Paris, 1998
  14. Bement, R B. Tyre; the history of Phoenicia, Palestine and Syria, and the final captivity of Israel and Judah by the Assyrians. Ulan Press. s. 48. ASIN B009WP2MR8. 
  15. 15,0 15,1 315 B.C. – events and references
  16. 314 B.C. – events and references
  17. 126 B.C. – events and references
  18. E. G. Hardy, Roman Laws and Charters, New Jersey 2005, p.95
  19. 64 B.C. – events and references
  20. The toll of three cities, The Economist June 19, 1982. s.26.
  21. Butcher, Tim. Rebels were ready for attacks. Sydney Morning Herald 27. juli 2006.
  22. Engel, Richard. Desperation descends on Tyre in Lebanon. MSNBC 25 July 2006.
  23. Israeli commandos stage Tyre raid BBC 5 August 2006.
  24. El Corresponsal de Medio Oriente y Africa - Málaga recupera su pasado fenicio
  25. OrthodoxWikib

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]