Dance (Our Own Party)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Dance (Our Own Party)»
Song av The Busker

Land Malta
Språk Engelsk
Utgjeve 3. mars 2023
Sjanger Indiepop
Lengd 02:49
Låtskrivar(ar) David Meilak, Jean Paul Borg, Matthew James Borg, Michael Joe Cini, Sean Meachen

«Dance (Our Own Party)» (norsk omsetjing ‘dans (vår eigen fest)’) er ein song frå 2023 med det maltesiske indiepopbandet The Busker. Songen vann songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023 og var det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Dance (Our Own Party)» er skriven av dei tre bandmedlemmane David Meilak, Jean Paul Borg og Sean Meachen. I tillegg har Matthew James Borg og Michael Joe Cini bidrege i låtskrivinga.

Songen blei skriven i 2022 og sendt inn til den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023, der vinnaren fekk representere landet i Eurovision Song Contest 2023.

I november 2022 blei The Busker stadfesta som ein av 40 deltakarar i Malta Eurovision Song Contest 2023.[2] I finalen laurdag 11. februar 2023 vann bandet tevlinga med «Dance (Our Own Party)». Som vinnar blei songen det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1]

«Dance (Our Own Party)» blei gjeven i studioinnspelt versjon 3. mars 2023, som nedlasting og på ulike strøymetenester.[3] Musikkvideoen blei gjeven ut 9. mars 2023 på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Malta deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023 i Liverpool. Der enda songen på 15. og siste plass med 3 poeng.[5] Songen kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Malta (BMAT PRS)[7] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «TheBusker wins 'Malta Eurovision Song Contest' 2023». eurovision.tv (på engelsk). 12. februar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  2. Granger, Anthony (3. februar 2023). «Malta: Malta Eurovision Song Contest 2023 Semi-Finalists Selected». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  3. Washak, James (4. mars 2023). «Malta: The Busker Release Revamp of Their Eurovision Entry “Dance (Our Own Party)”». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  4. Newsroom, T. V. M. «Watch: 'Dance (Our Own Party)' music video released». TVMnews.mt (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  5. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  7. «PRS Malta på Facebook: BMAT PRS Malta Top 10 Airplay Chart - 5 March 2023». BMAT PRS Malta (på engelsk). Henta 5. mars 2023.