The Busker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Busker

OpphavMalta
Aktiv2012–
Sjangerfolkrock, poprock, indiepop

The Busker er eit maltesisk indiepopband som blei skipa i 2012. Bandet består av David «Dav.Jr» Grech, Jean Paul Borg og Sean Meachen. I februar 2023 vann gruppa den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2023 med låten «Dance (Our Own Party)». Som vinnarar representerte dei Malta i Eurovision Song Contest 2023.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Busker blei skipa i oktober 2012 som ein duo beståande av vokalist og gitarist Dario Genovese og perkusjonist Jean Paul Borg.[1] To år etter kom bassist og keyboardist David Grech og saksofonist Sean Meachen med i bandet. Dei er inspirert av band frå 1960-åra, som The Beatles og The Beach Boys. Gruppa byrja å få merksemd på Malta, då dei posta coverversjonar og originalmusikk på YouTube.[1] Debutalbumet Telegram blei sloppe i 2017, etterfølgt av Ladies and Gentlemen året etter. Genovese forlot gruppa i 2021, og sidan har The Busker bestått som ein trio.[2][3]

I november 2022 blei The Busker stadfesta som ein av 40 deltakarar i Malta Eurovision Song Contest 2023, den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest.[4] Bandet deltok med songen «Dance (Our Own Party)» og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. februar 2023.[5] I finalen fekk dei flest poeng frå juryane og sjåarane, og fekk dimed retten til å representere Malta i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[6] Bandet deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9 mai 2023. Der enda dei enda på sisteplass og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[7]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande
  • David «Dav.Jr» Grech – vokal, bass, keyboard
  • Jean Paul Borg – trommar
  • Sean Meachen – saksofon
Tidlegare
  • Dario Genovese – vokal, gitar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2017 – Telegram
  • 2018 – Ladies and Gentlemen

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2021 – X

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «TheBusker». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  2. «TheBusker | ‘Paul McCartney... he’s the person who inspired me to write songs’». MaltaToday.com.mt (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  3. «TheBusker: ”Dance (Our Own Party) is a funky tune mixed with The Busker’s signature sound”». ESCBubble (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  4. Washak, James (21. november 2022). «Malta: Malta Eurovision Song Contest 2023 Quarter Finalists Announced». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  5. Granger, Anthony (10. februar 2023). «Malta: Malta Eurovision Song Contest 2023 Finalists Selected». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  6. Waarden, Franciska van (11. februar 2023). «Malta: The Busker to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  7. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.