Daniel Mortenson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Mortenson
Daniel Mortenson by Astri Aasen.jpg
Måla av Astri Aasen, 1917
Fødd 2. juni 1860
Død

3. september 1924 (64 år)

Yrke redaktør

Daniel Mortenson (fødd 2. juni 1860 i Verdal, daud 3. september 1924Røros) var ein sørsamisk redaktør, organisator, aktivist og reindriftssame. Han var aktiv under Samemøtet i 1917.

Mortenson var fødd i Verdal, men voks opp i Kall og Undersåker i Jämtland i Sverige. Han tok lærarutdanning i Östersund og arbeidde som lærer for reindriftssameborn frå 1881 til 1886. I 1886 gjekk han tilbake til reindrifta, og i 1896 flytta han til Feren i Nord-Trøndelag. I 1905 kjøpte han garden Svukuriset i Elgå i Engerdal i Hedmark.

Sørsamiske reineigarar hadde praktisert næringa si etter eigne reglar før Felleslappeloven av 1883. Som enkeltpersonar kunne dei oppnå lite i det framveksande organisasjonssamfunnet. Etter å ha forsøkt å få gjennomslag for samepolitiske saker i den norske arbeidarrørsla utan hell, grunnla Mortenson ei sameforeining for det sørsamiske området. I 1907 grunnla han Søndre-Trondhjems Amts lappeforening og i 1910 grunnla han avisa Waren Sardne ('Røysta frå fjellet') på Røros.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]