Dar kjem dampen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Dar kjem dampen» er eit dikt skrive av døvepresten Ragnvald Hammer i 1953. I 1963 vart visesongaren Ivar Medaas landskjent då han sette tone til dette diktet. Medaas gav han ut på singlen Nor-Disc NOR 83. «Dar kjem dampen» er ei hyllest til dampskipet «DS Oster» som gjekk i rutetrafikk mellom Bergen og strilelandet frå 1906 til 1964. Songen er skrive på strilamål, talemålet til strilane.

Fyrste vers i songen lyder:

Ve' Bryggja i Bergen dar ligg dar ein båt
so blånkpust å fin at han lyse,
me' sjikkelæ maste å pipa me' låt,
å månge slags vare han hyse.

Ref.:

Dar kjem dampen
gamle dampen
tak på deg triskona å spring
Dar kjem dampen
gamle dampen
plingelingelingelingeling

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]