Ivar Medaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Medaas
Ivar Medaas.jpg
Fødd9. april 1938
FødestadAlversund
Død7. januar 2005
OpphavNoreg
Sjangerrock, Folkemusikk, pop
Instrumentfiolin, fele
Verka sommusikar, visesanger, skodespelar, revyartist
Gift medKari Medaas
PrisarMålprisen

Ivar Medaas (9. april 19387. januar 2005) var ein norsk visesongar og felespelar frå Nordhordland. Medaas budde i Alversund i Lindås kommune i Nordhordland nord for Bergen. I 1963 fekk han gjennombrot som artist med songen «Dar kjem dampen». Medaas sette melodi til songen, som var skriven av Ragnvald Hammer.

Han og kona Kari var kjende under namnet Vestlandsduoen som song på strilamål. I 2002 fekk dei målprisen. Medaas opptrådde òg saman med Dizzie Tunes, Wenche Myhre og Øystein Sunde.

Fram til 1955 budde han i Alversund, men flytta så ei tid til Oslo. Fem år seinare debuterte han hjå Jens Book-Jenssen og arbeidde deretter på Chat Noir i fire år, og så på ABC Teatret og Oslo Nye Teater i eit år kvar.

Han blir hugsa for visene «Draumen om fred», «Sildefiske på Doggerbank» og «Dar kjem dampen». Ivar Medaas gav òg ut ei plate med tekstar av Herbjørn Sørebø. I 1965 og 1967 deltok han i Melodi Grand Prix, og fekk ein fjerdeplass det eine året og ein femteplass det andre.

Medaas vart rekna som ein av dei beste til å lyfta fram kulturen til strilane.

Medaas fekk hjerneslag i 1995 og vart sidan sittande i rullestol, men i 1997 hadde han trena seg so godt opp at han kunne vere på scena att. I 1998 vart Medaas æresmedlem i Nordhordland Veteranbåtlag for å ha gjort vestlandskulturen kjend, spesielt fjordabåten DS «Oster». I 2001 vann han Gammleng-prisen i klassen veteran.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]