David Vikøren
Utsjånad
David Vikøren | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. september 1926 Haugesund kommune |
Død | |
Yrke | administrerande direktør |
David Vikøren (26. september 1926–28. mars 2022[1]) var administrerande direktør i Norges Rederiforbund frå 1. januar 1977 til 1992. Han er cand.oecon. frå Universitetet i Oslo 1951. Deretter arbeidde han eit år i Statistisk sentralbyrå før han vart knytt til Rederforbundet i 1952. Han vart assisterande direktør i 1964 og direktør i 1969. Han har hatt ei rekkje offentlege verv og vore rådgjevar ved norske delegasjonar til OECD og UNCTAD.[2][3]
Far hans, Olav Vikøren (1884-1964), var folkehøgskolerektor og forfattar. Då David vart fødd, var han rektor på Nordhordland folkehøgskole, men i 1928 flytta familien til Gjøvik der han vart rektor på Viken folkehøgskole.[4]
Verv
[endre | endre wikiteksten]- Styreleiar for Filharmonisk Selskaps Orkester og Hardanger Musikkfest
- Styremedlem i Fridtjof Nansens Institutt og Sjøfartsmuseet
Heider
[endre | endre wikiteksten]- Kommandør av første klasse av St. Olavs Orden
- Kommandør av Finlands løves orden
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Vikøren» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juli 2020.
- ↑ Om David Vikøren i Store norske leksikon.
- ↑ David Vikøren hos Forvaltningsdatabasen, arkivert frå originalen 5. april 2016, henta 30. juli 2020
- ↑ Omtale i Hvem Hva Hvor 1987 side 97
- ↑ Om Olav Vikøren hos allkunne.no