Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling
OECD logo.svg
Außenministerin Karin Kneissl nimmt am Ministerial Council Meeting der OECD in Paris teil. (27619529467).jpg
Selskapsformorganisation internationale Sjå dette på Wikidata
Skipa16. april 1948
DotterselskapOECD Development Centre, Nuclear Energy Agency, European Conference of Ministers of Transport, International Transport Forum, Det internasjonale energibyrået Sjå dette på Wikidata
Bransjeinternasjonal statlig eller ikke-statlig organisasjon, activities of extraterritorial organizations and bodies
LandAustralia Sjå dette på Wikidata
HovudkontorChâteau de la Muette, Paris, Canberra Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.oecd.org

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (engelsk Organisation for Economic Co-operation and Development, forkorta OECD) er ein internasjonal organisasjon av industriland. OECD er eit framhald av OEEC, som vart skipa i 1948 for å gjennomføre Marshallhjelpa.[1] OEEC vart erstatta av OECD i 1961 med USA og Canada som nye medlemmar. OECD er ein organisasjon der medlemslanda samarbeider om å fremja økonomiske vekst i og mellom medlemslanda.[2] OECD er samansett av over 38 land.[3] Felles for medlemslanda er at dei har ein velutvikla marknadsøkonomi og demokrati, i tillegg til ein relativ høg BNP.[4] Europakommisjonen tek også del i arbeidet saman med medlemslanda i Den europeiske unionen (EU).

Bidrag til OECD sitt budsjett, som er på rundt to milliardar kroner årleg, er basert på medlemslanda sin økonomiske storleik.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Kart der medlemsland i OECD er markerte i blått.

Nye medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Det vil etterkvart dukke opp nye medlemmar i OECD. Her snakkar vi om nye nasjonar som får medlemskap. Det er opne diskusjonar om medlemskap for Russland, Bulgaria og Romania. OECD samarbeider også med Indonesia, Kina, Sør-Afrika, Brasil og India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Organisation for Economic Co-operation and Development | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 10. november 2022 
  2. Knudsen, Olav Fagelund; Lundbo, Sten; Johannessen, Bjørn (21. september 2022). «OECD». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «About the OECD - OECD», www.oecd.org (på engelsk), henta 10. november 2022 
  4. Knudsen, Olav Fagelund; Lundbo, Sten; Johannessen, Bjørn (21. september 2022). «OECD». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]