Hopp til innhald

UNCTAD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
UNCTAD

Skipa1964
HovudkontorGenève
Nettstadhttp://www.unctad.org Sjå dette på Wikidata

SN-konferansen for handel og utvikling (UNCTAD: United Nations Conference on Trade and Development), er generalforsamlinga i SN sitt hovudorgan for handels-, investerings- og utviklingsspørsmål. Organisasjonen vart etablert i 1964.

Formålet til UNCTAD er å «maksimere handels-, investerings- og utviklingsmoglegheitene for utviklingsland og hjelpe dei i innsatsen deira for å integrere seg i verdsøkonomien på ein likeverdig basis».

Organisasjonen

[endre | endre wikiteksten]

UNCTAD har 191 medlemsstatar og har hovudsete i Genève i Sveits. Organisasjonen har 400 tilsette. Sidan 1. september 2005 har Supachai Panitchpakdi (Thailand) vore generalsekretær.

Det er fire nivå for møte i UNCTAD:

  • UNCTAD-konferansen blir heldt kvart fjerde år. Siste konferanse var den ellevte i rekka og vart heldt i São Paulo i juni 2004.
  • UNCTADs leiarskap for handel og utvikling. Leiarskapet administrerer arbeidet til UNCTAD mellom to konferansar og møtest opp til tre gonger per år.
  • Fire UNCTAD-kommisjonar og ei arbeidsgruppe. Desse møtest oftare enn leiarskapet, for å diskutere policy-, program- og budsjettspørsmål.
  • Ekspertmøte. Kommisjonane kallar saman til ekspertmøte om utvalde emne for å tilføre kunnskap og meiningar til kommisjonane sine policy-diskusjonar.

UNCTAD produserer ei mengde rapportar på ulike tema, mellom anna:

  • Handels- og utviklingsrapporten (The Trade and Development Report)
  • Verdsrapporten for investeringar (The World Investment Report)
  • Rapporten over økonomisk utvikling i Afrika (The Economic Development in Africa Report)
  • MUL-rapporten (The Least Developed Countries Report)
  • UNCTAD-statistikken
  • Informasjonsøkonomirapporten (The Information Economy Report)
  • Sjøtransportmeldinga (The Review of Maritime Transport)

UNCTAD har ei rekke tekniske samarbeidsprogram, som ASYCUDA, DMFAS, EMPRETEC og WAIPA.

I tillegg har UNCTAD ein del teknisk samarbeid med Verdsorganisasjonen for handel gjennom det felles internasjonale handelssenteret (Internasjonal Trade Centre - ITC), som rettar seg mot operasjonelle og føretaksorienterte sider av utvikling av handel.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: UNCTAD