Dei allierte under den andre verdskrigen
(Omdirigert frå Dei allierte)

Mørk grøn er allierte land før åtaket mot Pearl Harbor, lys grøn er allierte land etter Pearl Harbor, oransje er aksemaktene og land dei okkuperte og franske koloniar
- Sjå òg Ententemaktene, «dei allierte» under den første verdskrigen
Dei allierte var dei som kjempa mot aksemaktene (Tyskland, Italia og Japan) og deira allierte (Finland, Ungarn, Romania) i andre verdskrigen. Frå 1. januar 1942 gjekk Dei allierte òg under namnet Dei sameinte nasjonane.
Hovudallierte[endre | endre wikiteksten]
- Frankrike (dei frie franske styrkane)
- Storbritannia
- Kina
- Sovjetunionen (frå 22. juni 1941)
- USA (frå 8. desember 1941)
Medallierte[endre | endre wikiteksten]
- Australia (som medlem av det britiske samveldet og i direkte støtte til Storbritannia)
- Belgia
- Brasil
- Canada (som medlem av det britiske samveldet og i direkte støtte til Storbritannia)
- Cuba
- Den dominikanske republikken
- El Salvador
- Etiopia
- Guatemala
- Haiti
- Hellas
- Honduras
- India (britisk domene som Britisk India, på dette tidspunktet enno ikkje sjølvstendig stat)
- Jugoslavia
- Luxembourg
- Mexico
- Nederland
- New Zealand (som medlem av det britiske samveldet og i direkte støtte til Storbritannia)
- Nicaragua
- Noreg
- Panama
- Polen
- Sør-Afrika (som medlem av det britiske samveldet og i direkte støtte til Storbritannia)
- Tsjekkoslovakia