Demeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demeter

Opptrer iHades
Identifisert medCeres
MorRhea
FarKronos
SambuarCarmanor, Zevs
BarnPersefone, Plutos, Amphitheus I, Calligeneia, Arion, Despoina, Philomelus, Eubuleus, Chrysothemis, Dmia, Hekate
Demeter. Romersk kopi av ei gresk byste.

Demeter (gresk Δημήτηρ) var gudinna for jordbruk i gresk mytologi. Ho var dotter av Kronos og Rhea, og syster til Zevs, Hera, Hestia, Hades og Poseidon. Dottera hennar var Persefone, som blei kona til Hades. Demeter var ein av dei olympiske gudane. Kjenneteikna til Demeter var kornaks og fakkel. Hennar romerske motstykke er Ceres.[1]

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Det var Demeter si oppgåve å sørgje for hausten, og ho hadde også kontroll over årstidene. Det gav Demeter mykje kraft. Då dotter hennar Persefone blei bortført av Hades, vandra Demeter over heile jorda på jakt etter henne. Fordi ho var så opprørt, endra ikkje årstidene seg, og ingenting grodde. Etter ei stund klarte ikkje Zevs å sjå den døyande jorda meir, og han sendte Hermes for å hente Persefone tilbake. Før han fekk ho med seg, lurte Hades Persefone til å ete seks frø frå eit granateple. Sidan ho hadde ete mat frå underverda, høyrde ho til der, og måtte vera der ein tredel av året.[1] Demeter og Persefone blei gjenforent og jorda blomstra, men kvart år, i tida når Persefone var i underverda hjå Hades, blei jorda igjen gold og aude. Slik forklarte dei gamle grekarane årstidene.

Gresk vase med gudesamling (øvst) og dei eleusinske mysteria og Demeter og Metaneira under.

Under Demeter si leiting etter Persefone, kom ho til byen Eleusis i Attika. Ho tok form som ei gamal kone og blei godt motteken av Kelevs, som var konge i Eleusis. Demeter fekk i oppgåve å passe på kongssønene Demofon og Triptolemos. Som ei gåve til Kelevs bestemte Demeter seg for å gjere Demofon udøyeleg. Det gjorde ho ved å dekke han med gudane sin mat, ambrosia, og å puste inn i han. Kvar natt brente ho vekk den udøyelege ånda hans over eit bål. Ho fortalte ikkje kva ho heldt på med til foreldra hans, og ein dag kom Demofon si mor Metaneira inn medan Demeter heldt på. Ho skreik i frykt over å sjå sonen sin over bålet. Det forstyrra ritualet, og Demeter kunne ikkje gjere Demofon udøyeleg. I staden lærte ho kunsten om jordbruket til Triptolemos, og han lærte det vidare til heile Hellas.

Ritual[endre | endre wikiteksten]

Demeter og Persefone var knytte til dei eleusinske mysteria. Dei eleusinske mysteria blei feira i rundt 2000 år, og var ein kult basert i Eleusis. Dei mindre eleusinske mysteria blei feira kvart år, og dei store kvart femte år.

Eit anna viktig ritual knytte til Demeter er thesmoforia, som blei feira i store delar av Hellas langt tilbake i tid. Det var berre gifte kvinner som kunne feire thesmoforia.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Demeter (28.02.2013) i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Demeter