Den høgtyske konsonantforskyvinga
Den høgtyske konsonantforskyvinga er ei regelrett lydforskyving som har gitt regelmessige og systematiske av konsonantforskjellar mellom høgtysk og alle andre germanske språk.
Lydforskyvinga byrja truleg lengst sør i det tyskspråklege området rundt 600, og spreidde seg dei neste hundreåra nordover til andre tyske dialektar. Den høgtyske lydforskyvinga var ikkje heilt ferdig i byrjinga av den gammalhøgtyske perioden som byrja rundt 800. Ein viktig skilnad mellom gammalhøgtysk og gammalsaksisk er at lydforskyvinga ikkje fann stad i gammalsaksisk. Lydforskyvinga representerer den dag i dag den mest markante skilnaden mellom høgtyske og nedertyske dialektar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Det er først og fremst dei ustemde plosivane /p/, /t/ og /k/ og delvis dei stemde /b/, /d/ og /g/ som er blitt endra under den høgtyske lydforskyvinga. Dersom /p/ står først i ordet, etter /m, n, r, l/ eller finst som dobbelkonsonant, er han blitt forskyven til affrikaten /pf/. På samme måten er /t/ forskyven til /ts/ (skrive <z> på tysk) og /k/ til [kx]. Der /p/, /t/, /k/ står i utlyd etter vokal eller i innlyd mellom vokalar, er dei forskyvne til frikativane /f/, /s/ og [x].
Desse endringane blir særleg tydelege når ein samanliknar høgtysk med andre moderne germanske språk som ikkje har gått gjennom desse endringane, som nedertysk, engelsk og norsk. Alle germanske språk har gått gjennom den germanske lydforskyninga, i første kolonne i tabellen inder, mens berre høgtysk har vore gjennom den høgtyske lydforskyvinga. I første kolonne står G for endringar etter Grimms lov og V for endringar etter Verners lov.
Germansk lydforskyving (indoeuropeisk → germansk) |
Fase | Høgtysk lydforskyving (germansk → gammalhøgtysk) |
Eksempel | Tid | Utbreiing |
---|---|---|---|---|---|
G: /*b/→/*p/ | 1 | /*p/→/f/ | norsk: såpe, engelsk: soap -> tysk: Seife; norsk: skip, engelsk ship -> tysk: Schiff |
4/5 | Over- og mellomtysk språkområde |
2 | /*p/→/pf/ | norsk: pepper, nedertysk: peper, engelsk: pepper -> tysk: Pfeffer, norsk: plog, skarp, engelsk: plough, sharp -> tysk: Pflug, scharf |
6/7 | Overtysk språkområde | |
G: /*d/→/*t/ | 1 | /*t/→/s/ | norsk: vite, ete, nedertysk: weten, eten, engelsk: eat -> tysk: wissen, essen |
4/5 | Over- og mellomtysk språkområde |
2 | /*t/→/ts/ | norsk: tid, nedertysk: tiet, engelsk: tide (flo) -> tysk: Zeit |
5/6 | Over- og mellomtysk språkområde | |
G: /*g/→/*k/ | 1 | /*k/→[x] | norsk: lik, engelsk: like -> tysk: gleich; norsk: sak, engelsk: sake -> tysk: Sache |
4/5 | Over- og mellomtysk språkområde |
2 | /*k/→/kch/ | tysk: Kind (barn) -> sveitsertysk: Kchind |
7/8 | Sveits og tilgrensande område i Austerrike og Tyskland, og delar av Bayern | |
G: /*bʰ/→/*b/ V: /*p/→/*b/ |
3 | /*b/→/p/ | Berg (fjell), bist ((du) er) -> bayersk: Perg, pist | 8/9 | Delar av Sveits og Bayern |
G: /*d/→/*đ/→/*d/ V: /*t/→/*đ/→/*d/ |
3 | /*dʰ/→/t/ | norsk: dag, engelsk: day -> tysk: Tag; dansk: fader, nederlandsk: vader -> tysk: Vater |
8/9 | Overtysk språkområde |
G: /*gʰ/→/*g/ V: /*k/→/*g/ |
3 | /*g/→/k/ | tysk: Gott (gud) -> bayersk: Kot |
8/9 | Delar av Sveits og Bayern |
G: /*t/→/þ/ [ð] | 4 | /þ/→/d/ /ð/→/d/ |
norsk: tistel, engelsk: thistle, through (gjennom), brother (bror) -> Distel, durch, Bruder |
9/10 | Heile det tyskspråklege området, også det nedertyske |
Gjennomføring
[endre | endre wikiteksten]Den høgtyske lydforskyninga er berre konsekvent gjennomført lengst sør i det tyske språkområdet, det vil seia i Sveits og i Tirol. I desse områda er /k/ forskyven til /kch/ (som nokre stader er blitt forenkla til /ch/), som høgtysk Kind, som i Tirol heiter Kchind og i Sveits Chind.
Dei fleste over- og middeltyske dialektar har med andre ord berre delvis gjennomført den høgtyske lydforskyvinga. Graden av gjennomføring utgjer viktige dialektskilje i høgtysk. I vest, rundt Rhinen, liknar dialektkartet ei vift (der Rheinischer Fächer). Dialektgrensene går gjennom Ürding nord for Düsseldorf for ik/ich-skiljet, ved Benrath sør for Düsseldorf for ak/ach, sør for Bonn med Dorp/Dorf, sør for Koblenz med dat/das og sør for Speyer med Appel/Apfel.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Høytysk lydforskyvning» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2013.