Hopp til innhald

Den internasjonale domstolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre internasjonale domstolar i Haag, sjå Haag-domstolen
Den internasjonale domstolen


Skipa1945
Forgjengar(ar)Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie
MorselskapDei sameinte nasjonane
LandNederland
StyreleiarJoan Donoghue (8. februar 2021)
Nettstadhttps://icj-cij.org/home (engelsk), https://icj-cij.org/ar (arabisk), https://icj-cij.org/es (spansk), https://icj-cij.org/ru (russisk), https://icj-cij.org/ch (kinesisk)

Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol. Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.

Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde.[1] Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.

Domstolen har 15 dommarar,[2] som blir valde av FN si generalforsamling og SN sitt tryggingsråd for periodar på ni år, med tiltreding 5. februar. Dette er dei 15 noverande dommarane:

NamnStatPosisjonValdPeriode avslutta
Hisashi Owada JapanPresident20032012
Peter Tomka SlovakiaVisepresident20032012
Shi Jiuyong Folkerepublikken KinaMedlem1994, 20032012
Abdul G. Koroma Sierra LeoneMedlem1994, 20032012
Awn Shawkat Al-Khasawneh JordanMedlem2000, 20092018
Thomas Buergenthal USAMedlem2000, 20062015
Bruno Simma TysklandMedlem20032012
Ronny Abraham FrankrikeMedlem2005, 20092018
Sir Kenneth Keith New ZealandMedlem20062015
Bernardo Sepúlveda Amor MexicoMedlem20062015
Mohamed Bennouna MarokkoMedlem20062015
Leonid Skotnikov RusslandMedlem20062015
Antônio Augusto Cançado Trindade BrasilMedlem20092018
Abdulqawi Yusuf SomaliaMedlem20092018
Christopher John Greenwood StorbritanniaMedlem20092018
  1. The Court - ICJ, arkivert frå originalen 5. februar 2016, henta 28. januar 2010
  2. Medlemmene i ICJ, arkivert frå originalen 13. desember 2008, henta 28. januar 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Den internasjonale domstolen