Den italienske rivieraen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liguria og Den italienske rivieraen
Portofino, ein liten hamneby på Den italienske rivieraen

Den italienske rivieraen (italiensk Riviera ligure) er den smale kyststripa som ligg mellom Liguriahavet og fjella Dei maritime Alpane og Appenninane. Ho strekkjer seg frå grensa til Frankrike og Den franske rivieraen (eller Côte d'Azur) nær Ventimiglia (ein tidlegare tollstasjon) til Capo Corvo (òg kalla Punta Bianca) som markerer den austlege enden av La Spezia-bukta og ligg nær grensa til Toscana. Den italienske rivieraen strekkjer seg dermed langs nesten heile kysten av Liguria. Historisk strakk ho seg enno lenger vest forbi det som i dag er Monaco.

Rivieraen er sentrert rundt Genova, som deler kyststripa i to delar. Riviera di Ponente strekkjer seg vestover frå Genova til den franske grensa og Riviera di Levante mellom Genova og Capo Corva.

Rivieraen er kjend for det milde klimaet, som i lag med sjarmerande gamle fiskelandsbyar og den vakre naturen har trekt til seg turistar sidan Lord Byron og Shelley si tid.

Mange landsbyar og byar i området er internasjonalt kjende, som Portofino, Bordighera, Lerici og Cinque Terre.

Delen av Riviera di Ponente rundt Savona vert kalla Riviera delle Palme («Palmerivieraen»), delen rundt Sanremo vert kalla «Riviera dei Fiori», etter blomsterindustrien som har vore her i mange hundre år.

Av stader ved eller nær Den italienske rivieraen finn ein:


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]