Den kambrisk-ordovikiske masseutryddinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den kambrisk-ordovikiske masseutryddinga skjedde for om lag 488 millionar år sidan. Det var den første store masseutryddinga i fanerozoikum og utrydda mange armføtingar og konodontar, og reduserte sterkt talet på trilobittartar. Den kambrisk-ordovikiske hendinga enda den geologiske perioden kambrium og var starten på ordovikium i paleozoikum. Den neste hendinga, den ordovikisk-siluriske masseutrddinga, tok livet av 49 % av alle slektene som eksistere på jorda.

Teoriar[endre | endre wikiteksten]

Av teoriar som førte til masseutryddinga er at ei istid batt opp så mykje vatn at dei grunne havområda der det meste av livet eksisterte vart tørrlagde. Ein annan teori er at det vart mangel på oksygen i havet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gradstein, Felix, James Ogg, and Alan Smith, eds., 2004. A Geologic Time Scale 2004 (Cambridge University Press).
  • Hallam, A. and Paul B. Wignall, 1997. Mass extinctions and their aftermath (Oxford University Press).
  • Webby, Barry D. and Mary L. Droser, eds., 2004. The Great Ordovician Biodiversification Event (Columbia University Press).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]