Den ordovikisk-siluriske masseutryddinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den ordovikisk-siluriske masseutryddinga var den tredje største av fem store masseutryddingar i jorda si historie ut frå kor mange prosent av slektene som døydde ut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utyddinga skjedde ved grensa mellom periodane ordovicium og silur og markerer grensa mellom desse to. Under hendinga var det fleire markante endringar på biologisk reaktive isotopar av karbon og oksygen og denne kompleksiteten indikerer at det var fleire hendingar som kom tett etter kvarandre, eller ei enkel hending med fleire fasar.

På denne tida levde dei mest avanserte fleircella organismane i havet og rundt 100 slekter døydde ut, eller om lag 49  % av alle slektene som var til.[1] Armføtingar og mosdyr vart kraftig redusert, samt mange trilobittar, konodontar og graptolittar.

Mogelege årsaker[endre | endre wikiteksten]

Desse utryddingane vert for tida forska på, men teorien som har mest støtte er at han vart utløyst av ei langvarig istid, kanskje den mest alvorlege istida i heile fanerozoikum. Før hendinga vart eit fall i karbondioksid i atmosfæren, som så selektivt påverka dei grunne havområda der dei fleste organismane heldt til. Under ei istid vert mykje vatn i verdshava butte opp i isen, så havnivået under istida fall og fjerna mange økologiske nisjar. Havnivået auka så truleg igjen, før det nok ein gong trekte seg tilbake og tok fleire liv.

Det kaldare klimaet førte til sterkare djuphavsstraumar og førte oksygen med seg til djuphavet. Det utvikla seg eit dyreliv nede i djupet, men det forsvann raskt då djuphavet igjen vart oksygenfattig. Dei overlevande artane var dei som takla endringane og fylte dei tomme økologiske nisjene som dei utdøydde dyra etterlet.

Gammaglimt-hypotesen[endre | endre wikiteksten]

Enkelte forskarar har føreslått at den første utryddinga kan ha kome av eit gammaglimt frå ei eksploderande stjerne 6000 lysår frå jorda. Eit slikt glimt på berre 10 sekund ville ha fjerna heile ozonlaget på jorda og utsett organismane ved overflata for UV-stråling, som ville ha teke livet av mange artar og ført til eit fall i temperaturen.[2][3] Sjølv om det ikkje er usannsynleg er det ingen andre spor som tyder på at ei slik hending faktisk har skjedd.

Slutten på hendinga[endre | endre wikiteksten]

Den andre episoden enda då smeltande isbrear fekk havet til å stige og stabilisere seg att. Dette førte til nytt biologisk mangfald hos dei overlevande rekkene.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rohde & Muller (2005). «Cycles in Fossil Diversity». Nature 434 (7030): 208–210. doi:10.1038/nature03339. 
  2. Wanjek, Christopher (April 6, 2005). «Explosions in Space May Have Initiated Ancient Extinction on Earth». NASA. Henta 21. august 2008. 
  3. «Ray burst is extinction suspect». BBC. Henta 21. august 2008.