Perm-trias-utryddinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perm-trias-utryddinga
sjå • diskuter • endre
-262 —
-260 —
-258 —
-256 —
-254 —
-252 —
-250 —
-248 —
-246 —
-244 —
-242 —
-240 —
-238 —
Masseutrydding
δ13C stabiliserer seg på +2 ‰. Forkalka grønalger kjem tilbake.[1]
Slutten på utryddinga i guadalupium?
Trea kjem tilbake[2]
Kol dukkar opp igjen[3]
Scleractinia-korallar
& forkalka svampar[1]
Mesozoikum
Paleozoikum
Lopingium (Øvre perm)
Guadalupium (mellomperm)
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i grensa mellom perm og trias.
Skala: Millionar år sidan.

Perm-trias-utryddinga, òg kalla Den store døden (the Great Dying), var ei omfattande masseutrydding som skjedde for 251,4 millionar år sidan. Ho var den hendinga som har tatt mest liv gjennom jorda si historie. 90% til 95 % av alle sjødyrartar døydde ut, samt 70 % av alle organismar på land. På individuelt nivå kan kanskje så mange som 99,5 % av einskilde organismar ha døydd som følgje av hendinga[4]

Det er funne mange spor etter massive flaumbasaltutbrot av magma som varte i tusenvis av år i Sibir-trappene, som truleg må ha påverka miljøet og som klart kan ha medverka til masseutryddinga. At det var langt mindre kystlinje enn tidlegare, og dei stadig tørrare forholda i indre områda har truleg òg vore ei medverkande årsak. Basert på den estimerte lavamengda som vart produsert i denne perioden, er det verste som kan skje at det vert kasta ut nok karbondioksid til å heve den globale temperaturen fem grader Celsius, nok til å rydja ut 95 % av alt liv.

Ein anna hypotese er at hydrogensulfidgass dampa ut frå havet. Delar av djuphavet vil i periodar miste all oppløyst oksygen slik at bakteriar som lever utan oksygen kan bløme og produsere hydrogensulfidgass. Om det samlar seg opp nok gass i ein oksygenfattig sone, kan gassen stige ut av havet og ut i atmosfæren.

Oksiderande gassar i atmosfæren ville ha øydelagd den giftige gassen, men etter kvart som det ikkje vart nok atmosfæriske gassar til å ta seg av den giftige gassen, ville hydrogensulfid-nivået auke dramatisk i løpet av få hundre år.

Modelleringar av slike hendingar indikerer at gassen ville ha øydelagd ozonlaget i den øvre atmosfæren slik at ultrafiolett stråling kunne ta livet av artane som hadde øydelagd den giftige gassen.[5]). Det finst enkelte artar som derimot kan fordøye hydrogensulfid.

Ein annan hypotese byggjer på flaumbasalt-teorien. Ein auke i den globale temperaturen på 5 °C ville ikkje vere nok til å forklare at 95 % av livet på jorda døydde ut. Men ei slik oppvarming kunne sakte, men sikkert heve havtemperaturen slik at frosne metanreservoar under havbotn nær kystlinjene smelta og med ekstra metangass, i tillegg til dei drivhusgassane som alt var der, kunne atmosfæren ha vorte enno 5 °C varmare. Metan-hypotesen forklarar mellom anna auken i karbon-12-nivået som er funne midt i grenselaget mellom perm og trias. Det forklarer òg kvifor den første delen av masseutryddinga hovudsakleg tok livet på land, og at den andre bølgja tok livet i havet, før den tredje bølgja så tok liv på land igjen.

Ein meir spekulativ hypotese baserer seg på at gammaglimt frå ein nærliggande supernova var årsaka til masseutryddinga.

Trilobittar som hadde eksistert sidan kambrium døydde omsider ut i denne episoden.

I 2006 fann amerikanske forskarar frå Ohio State University spor etter eit mogeleg stort meteorittkrater med ein diameter på rundt 500 km i Antarktis. Krateret ligg 1,6 km under isen på Wilkes Land aust i Antarktis. Forskarar spekulerer i om dette nedslaget kan ha vore årsaka til perm-trias-utryddinga, sjølv om tidspuntket er så uvisst at ein berre veit det skjedde mellom 100 millionar og 500 millionar år sidan. Dei spekulerer òg i om det på noko måte kan ha medverka til at Australia vart skild frå Antarktis, som begge var ein del av superkontinentet Gondwana. Iridium- og kvartsnivåa i perm-trias-laget nærmar seg ikkje dei i Kritt-tertiær-laget. Sidan så mange artar og individuelle organismar døydde ut er det kasta tvil om meteornedslaget verkeleg kan ha vore årsaka. I tillegg sår fossil på Grønland tvil om teorien fordi dei viser at utryddinga skjedde gradvis og varte minst åtti tusen år med tre særskilde fasar.

Den varme sonen spreidde seg på den nordlege halvkula der det dukka opp omfattande ørkenar. Bergartane som danna seg her frå denne tida er farga raude av jernoksid, som følgje av den intense oppvarminga frå sola på ei slik vegetasjonslaus overflate. Eldre plante- og dyreartar døydde ut.

Mange forskarar meiner at perm-trias-utryddinga vart skapt av ein kombinasjon av nokre eller alle hypotesane som er nemnd. Då Pangea vart danna vart det langt færre kyststrøk og dette kan ha medverka til utryddinga av mange dyreartar som levde nær kysten, både på land og i sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Payne, J.L., Lehrmann, D.J.; Wei, J.; Orchard, M.J.; Schrag, D.P.; Knoll, A.H. (2004) «Large Perturbations of the Carbon Cycle During Recovery from the End-Permian Extinction» – Science, bind 305, nr. 5683, s. 506.
  2. McElwain, J.C., Punyasena, S.W. (2007) «Mass extinction events og the plant fossil record» – Trends in Ecology & Evolution, bind 22, nr. 10, s. 548–557.
  3. Retallack GJ Veevers JJ & Morante R (1996) «Global coal gap between Permian–Triassic extinctions and middle Triassic recovery of peat forming plants» – GSA Bulletin, bind 108, nr. 2, s. 195–207.
  4. http://www.historyfiles.co.uk/FeaturesAfrica/Permian_Extinction1.htm
  5. Kump, et al, 2005