Den norske atlanterhavsstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den norske atlanterhavsstraumen (òg kalla Norskehavsstraumen) er ein havstraum som er ei grein av Den nordatlantiske straumen som går inn i Norskehavet. Han vert stundom rekna som ein del av Golfstraumen. Mesteparten av vatnet strøymer inn mellom Færøyane og Shetlandsøyane. Straumen har her ei djupne på kring 600 meter. Vatnet har ein middeltemperatur på kring 8 ºC og ein salinitet på 35,4 ‰. Straumstyrken kan i overflata kome opp i 0,3 m/s.

Straumen følgjer skråninga til kontinentalsokkelen utanfor vestkysten av Noreg og deler seg utanfor Troms med ei grein inn i Barentshavet som Nordkappstraumen og ei anna grein vidare mot nord i retning av Svalbard som Vestspitsbergenstraumen. I nord vert straumen avkjølt og blandar seg med omliggande vassmassar, slik at temperaturen har fall til 5 ºC og saliniteten til kring 35 ‰. Vestspitsbergenstraumen transporterer relativt varmt og salt vatn inn i Nordishavet gjennom Framsundet, der han dukkar under det ferskare overflatelaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]