Skogerle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dendronanthus)
Skogerle
Illustrasjon av H. Richter and John Gould
Illustrasjon av H. Richter and John Gould
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Dendronanthus
Art: Skogerle D. indicus
Vitskapleg namn
Dendronanthus indicus

Skogerle (Dendronanthus indicus) er ein mellomstor sporvefugl i den biologiske familien erler og piplerker, Motacillidae. Ho har ei særprega fjørdrakt som skil ho frå andre erler og har vane med å svinge halen sin sidelengs, i motsetnad til dei vanlege opp- og nedoverrørslene til dei andre erleartane. Dette er einaste erlearten som hekkar i tre. Dei finst hovudsakleg i skogkledde habitat, hekkar i dei tempererte delane av Aust-Asia og overvintrar i tropisk Asia frå India til Indonesia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skogerle i nasjonalparken Kaeng Krachan i Thailand.
Foto: Jason Thompson

Dette er ei karakteristisk erle, ho er den einaste som er plassert i slekta Dendronanthus, alle andre erler er plasserte i slekta Motacilla. Skogerla er ein 16-18 cm lang, slank fugl med lang hale. Ryggen og krona er olivenbrun, og vengene er svarte med to gule vengband og kvite tertialkantar. Ho har ei kvit augebrynstripe, supercilium, over ei mørk stripe gjennom auget. Underkroppen er kvit, bortsett frå eit svart, dobbelt brystband. Det øvre brystbandet er samanhengande medan det nedre bandet ofte er stykka opp. Kjønna er like. Juvenilar, unge fuglar, er meir brune enn oliven på oversida og det nedste brystbandet kan mangle.[1]

Som både det norske og det vitskaplege namnet ymtar om, er dette ein skogsart, til forskjell frå alle andre erler. Arten er vanlegvis funnen i opne område innanfor skogsområde. Om vinteren lever erlene hovudsakleg i skyggefulle skogsområde eller kaffeplantasjar og ryddingar i skog.[1]

Hekkeområda er i Aust-Asia, Koreahalvøya, sørlegaste Japan, deler av Kina (Gansu, Anhui, Hunan) og søraustlegaste Russland. Ho trekker til dei varmare delane av Asia om vinteren, Indokina vest for Wallace-linja, sørvestre India, Sri Lanka og Andamanøyane.[1]

Denne erlearten lever einskildvis eller i små grupper. Fuglane beitar ofte i trevekster og fangar insekt langs greiner av tre. Dei kan òg plukke insekt på bakken som ei piplerke, når dei blir uroa, flyg dei opp i trea med eit varsellæte «pink» eller «pink pink». Dei kan klatre opp bratte greiner og springe raskt på horisontale greiner.[2] Dei kviler i flokk i biotopar med takrøyr, sukkerrøyr eller mangrovar, i Thailand ofte med saman med andre erler som gulerler.[1] Songen inkluderer tostavings tsi-fii tonar gjentatt fleire gonger.[1]

Skogerlene forlèt vinterkvarteret mot slutten av mars frå Sri Lanka og midten av mars frå Malayahalvøya, dei siste fuglane dreg rundt mai. Under spesielt kalde vêrtilhøve kan dei kome til hekkeplassar i grenseområdet mellom Kina og Russland så seint som i slutten av mai. Dette er einaste erla som byggjer reir i tre, ofte favoriserer dei eiketre. Dei byggjer eit koppforma reir som består av fint gras og rotstenglar, fora med mose og spindelvev. Hofuglen byggjer reiret aleine. Den vanlege kullstorleiken er fire til fem egg, som hoa rugar aleine i ca. 13 til 15 dagar. Ungane flyktar og forlèt reiret etter ca. 10 til 12 dagar. Begge kjønn tar del i å mate ungane. Som andre erler, er denne arten ein insektetar.[2]

Bortsett frå det uvanlege fjørmønsteret og habitatet, skil skogerla seg frå dei andre erlene gjennom den merkelege vanen sin med å svinge halen frå side til side, ikkje vippe han opp og ned som andre erler.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Tyler, S. (2018) Forest Wagtail (Dendronanthus indicus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. juni 2018
  2. 2,0 2,1 Neufeldt, Irene (1961). «The breeding biology of the Forest Wagtail, Motacilla indica Gmelin». Journal of the Bombay Natural History Society 58 (3): 559–588. 
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Dendronanthus indicus. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. juni 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skogerle