Der Schauspieldirektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Der Schauspieldirektor
K. 486
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1786
Typisk lengd 35:02
Satsar 5
Libretto av Gottlieb Stephanie

Der Schauspieldirektor (Teaterdirektøren), K. 486, er eit komisk syngespel skriven av Wolfgang Amadeus Mozart til ein tysk libretto av Gottlieb Stephanie, ein austerriksk Schauspieldirektor.

Mozart skreiv operaen som bidraget sitt i ein konkurranse som den tysk-romerske keisaren Josef II utlyste den 7. februar 1786 ved Schönbrunn slott i Wien. Konkurransen var meint å setje eit tysk syngespel opp mot ein italiensk opera. Den italienske operaen, ein opera buffa kalla Prima la musica, poi le parole (Fyrst musikken, så orda), var laga av Antonio Salieri.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 7. februar 1786
Frank, ein teaterdirektør talt rolle Johann Gottlieb Stephanie Jr.
Eiler, ein bankmann talt rolle Johann Franz Hieronymus Brockmann
Buff, ein buffo-songar bass Joseph Weidmann
Monsieur Vogelsang, ein songar tenor Valentin Adamberger
Madame Herz, ein songar sopran Aloysia Weber
Mademoiselle Silberklang, ein songar sopran Catarina Cavalieri
Herz, ein skodespelar talt rolle Joseph Lange
Madame Pfeil, ei skodespelarinne talt rolle Anna Maria Stephanie
Madame Krone, ei skodespelarinne talt rolle Johanna Sacco
Madame Vogelsang, ei skodespelarinne' talt rolle Maria Anna Adamberger

Ariar[endre | endre wikiteksten]

  • "Bester Jüngling" — Mademoiselle Silberklang
  • "Da schlägt des Abschieds Stunde" — Madame Herz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]