Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°23′45.36″N 5°19′33.38″E

Finnegården er den raude trebygningen med personane framfor. Saman med grannegarden «Finnegårds-Bazaren», som er å sjå til høgre for Finnegården, er dette Det Hanseatisk Museum.
«Finnegårds-Bazaren» attmed Finnegården, bygd på slutten av 1800-talet.
Schøtstuene.
Interiøret i Jacobsfjorden og Bellgårdens schøtstue. Her er det open takstol med ljosgluggar øvst og benkar og bord langsetter veggane.

Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene er eit museum i Bergen som høyrer inn under Museum Vest og har som tema å gjere greie for hansatida i Bergen.

Det Hanseatisk Museum[endre | endre wikiteksten]

Det Hanseatiske Museum vart skipa i 1872 av kjøpmann og nordlandshandlarane Johan W. Olsen, og det vert sagt at museet hadde sin opningsdag 26. juli, då den komande kongen Oscar II vitja Bergen og museet. Johan W. Olsen skipa museet på basis av Finnegårdens sjøstue, som han sjølv eigde og hadde drive sin handelsverksemd frå. Finnegården var bygd rett etter den store bybrannen i 1702, og var ei av dei gardane på Bryggen som hadde vore teke best vare på, med mellom anna mykje av den originale veggfaste innreiinga på plass. Inventaret var ei blanding av gjenstandar frå 1700-talet og tidleg på 1800-talet.

Da kjøpmann Olsen døydde, overtok sonen, Christian Koren Wiberg, administrasjonen av museet til det vart kjøpt av Bergen kommune i 1916. Koren Wiberg vart då den første direktøren på museet, og gjorde eit stort arbeid for å få museet funksjonsdyktig og populært. Det vart naudsynt å utvide Det Hanseatiske museum for å få plass til ei aukande mengd utstillingsobjekt, og eit tilbygg i tre i tre høgder med murkledning, «Finnegårds-Bazaren» eller «murtasken», vart bygd på langsida av Finnegården mot sør på slutten av 1800-talet etter teikningar av arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe.

Finnegården har vore den sørlegaste av gardane på Bryggen heilt frå 1702, då garden var atterreist etter den store bybrannen i Bergen som ein dobbeltgard med to husrekkjer. Om lag halvparten av bygningane vart rivne ikring år 1900, og ein bygning brann i 1982. Som vanleg elles på Bryggen, er husa lafta og i tre høgder, med svalgangar mot passasjen mellom de to husrekkjene, og med saltak. Fremst i den sørlege husrekkja ligg Hanseatisk museum, i ein av dei bygningane på Bryggen som er teke best vare på, med portal frå seint 1700-tal, raudmåla panel og småruta vindauge. Dette den einaste parten av Finnegården som no er freda, og som 1979 kom med på UNESCOs verdsarvliste, saman med dei andre av dei eldste bygningane på Bryggen.

Kvar av dei såkalla gardane på Bryggen var ei husrekkje eller dobbeltrekkje av fleire eiskilde eigedomar, «handelsstuer», langsetter ei passasje frå kaia og innover, slik hus ligg vegg i vegg langsetter ei gate i ein by. Gardane hadde sine eigne namn, til dømes Jacobsfjorden, Bellgården, Bugården, Enhjørningsgården og andre. Det som er teke vare på av Finnegården, og som no er museum, er ikkje hele Finnegarden, men ei «handelsstue» i hanseatiske meining, det vil seie ein bygning som er eigd av eit handelsfirma eller handelsmann, og som har alle dei naudsynte funksjonane i den samanhengen: I første høgda var det lager og ekspedisjon for tørrfisk. Ei smal trapp gjekk derfrå opp til «Ytterstuen», som gjorde teneste både som rom å ete i, og som reiskapsrom. Herfrå kom ein til kjøpmannen sitt kanselli (det vi seie kontoret hans) med eit rom innanfor til å ete i. I tredje høgda var det soverom – eitt for kjøpmannen, eitt for gesellen og eitt for arbeidarane.

Schøtstuene[endre | endre wikiteksten]

Schøtstuene har namnet frå norrønt skytningstofa, som var nemninga på ei stove nytta til samanskotsgilde. Schøtstuene var forsamlingshus eller forsamlingsrom som vart brukt frå mellomalderen, kan hende frå byrjinga av 1200-talet, og i heile tida for det hanseatiske kontoret, som strekte seg frå om lag 1350 til byrjinga av 1700-talet.

Dramshusens schøtstue frå 1703–04 vart lagra på Bergens Museum frå 1880-åra, og i 1917 ble Bredsgårdens schøtstue frå 1702 gjeve til Bergen kommune. I 1937-38 vart desse schøtstuene, og dessutan ein kopi av Svensgårdens schøtstue frå 1708 og rekonstruksjonar av Jakobsfjorden og Bellgårdens felles schøtstue etter korleis ho var bygd før bybrannen 1702, reist i åra 1935–38 på dei noverande plassane attom Bryggen, i nærleiken av Mariakyrkja.

Bergen kommune har hatt drifta av Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene fram til 2005, då museumsdrifta vart lagt under Stiftelsen Museum Vest. Bygningane og samlingane er framleis eigd av Bergen kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]