Det pakistanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det pakistanske riksvåpenet.

Det pakistanske riksvåpenet blei godkjent i 1954, og skal symbolisera det ideologiske og det økonomiske grunnlaget, rettesnorene og kulturarva til nasjonen.

Våpenet er sett saman av eit skjold med fire felt der fire viktige jordbruksprodukt er avbilda: Bomull, kveite, te og jute. Over skjoldet står den muslimske halvmånen og stjerna, som ein også finn i det pakistanske flagget. Det er delvis omgjeve av ein blomekrans laga av sjasmin, nasjonalblomen til Pakistan, med ei utforming som minnar om plantebasert kunst frå Mogulriket. Nedet står eit band med det pakistnaske mottoet ايمان، اتحاد، نظم, (Iman, ittehad, nazm, urdu som tyder 'tru, eining, disiplin'.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]