Breiøyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Breiøyre
Breiøyre
Breiøyre
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Breiøyre
Utbreiinga av Breiøyre
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Barbastella
Art: Breiøyre B. barbastellus
Vitskapleg namn
Barbastella barbastellus

Breiøyre (Barbastella barbastellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa, frå Portugal i vest til Kaukasus i aust og nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Marokko.

Flaggermusa er ganske sjeldan i det meste av utbreiingsområdet. Ho lever helst i gammal skog, ein landskapstype som det vert mindre av. Breiøyre er difor rekna som nær truga på verdsbasis. Eit lyspunkt er at bestanden i Tyskland har vore i vekst etter reduksjon i bruk av insektmiddel der.[1] Breiøyre er ein lite mobil flaggermusart, som ikkje vandrar langt. I Noreg var det ingen funn av arten mellom 1949 og 2008. Då vart det funnen eit individ i dvale i Larvik. Arten har seinare vore registrert der fleire gonger. Breiøyre er rekna som kritisk truga i Noreg og sterkt truga i Sverige.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Breiøyre