Dick Gaughan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dick Gaughan

Fødd17. mai 1948 (75 år)
FødestadGlasgow
OpphavStorbritannia
SjangerProtestsong
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar, gitarist, låtskrivar

Richard Peter Gaughan (fødd 17. mai 1948), kjend som Dick Gaughan, er ein skotsk musikar, songar og låtskrivar, særleg av folkesongar og sosiale protestsongar. Han blir rekna som ein av dei fremste låtskrivarane i Skottland.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gaughan blei fødd på i Glasgow medan far hans arbeidde ved Colville's Steelworks der. Han var det fyrste halvanna året sitt i Rutherglen i South Lanarkshire, og deretter flytta han med familien til Leith, eit hamneområde i utkanten av Edinburgh.[2]

Richard var den eldste av tre born, og voks opp omgjeven av musikk frå både Skottland og Irland. Mor hans stamma frå Lochaber i det skotske høglandet og snakka gælisk, og hadde vunne ein sølvmedalje for å synge på ein Gaelic Mòd som barn. Far hans, som var frå Leith, spelte gitar. Farfar hans var ein felespelar fødd på Irland (i Erris i County Mayo), og mormora hans, som var fødd i Glasgow av irske foreldre, spelte trekkspel og sang.[3] Familien levde i stor fattigdom, men området dei budde i hadde ei sterk felleskapskjensle, og mange av songane til Gaughan feirer arbeidarklasserøtene hans.[4] I tenåra gjekk Gaughan i lære på ein lokal papirfabrikk, men hadde ynskt å bli musikar sidan han fyrst byrja å spela gitar i sjuårsalderen. Han engasjerte seg i det lokale folkemusikklivet, og starta saman med to andre ein klubb som heitte Edinburgh Folk Centre. Han blei profesjonell musikar i byrjinga av 1970, og flytta til London.[5]

1970-talet[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste albumet til Gaughan, No More Forever, blei spelt inn i 1971.[6] Her syng og spelar han akustisk gitar, saman med nokre spor av felespelaren Aly Bain. Alle songane bortsett frå ein er tradisjonelle. Unntaket er «The John Macleen March» av Hamish Henderson, ei hylling av den sosialistiske John Maclean i Glasgow og ein forsmak på dei mange politisk engasjerte songane Gaughan seinare skulle spela. I 1972, før albumet blei gjeve ut, blei Gaughan med Bain, Cathal McConnell og Robin Morton, som han kjende frå Edinburgh Folk Centre, i gruppa The Boys of the Lough. Han blei verande med gruppa rundt eit år, og spelte og song på debutalbumet hennar. Grunngjeving han gav for å forlata gruppa var flyskrekk, noko som gjorde det umogleg å reisa med henne.[5]

Gaughan gjekk tilbake til solokarrieren sin, og på det neste albumet sitt, Kist O Gold (spelt inn i 1975) song han hovudsakleg tradisjonelle songar, med berre gitaren som akkompagnement. Dette året spelte han òg inn to spor med The High Level Ranters på albumet deira The Bonnie Pit Laddie. Han opplevde ein del frustrasjon over folkeklubbscenen og ville jobba med andre musikarar, så han gjekk med i det keltiske rockbandet Five Hand Reel.[7] Mellom 1976 og 1978 var livet til Gaughan hektisk. Han spelte inn fire album med Five Hand Reel (tre under sitt eige namn og eit i samarbeid med den danske folkesongaren Alan Klitgaard), i tillegg til to soloalbum: Coppers and Brass (1975), og Gaughan (1978), der han spelte både akustisk og elektrisk gitar. Han samarbeidde òg med Tony Capstick og Dave Burland på eit album med songar av Ewan MacColl.

Gaughan likte å spela med Five Hand Reel og var stolt av musikken til gruppa, men etterkvart som tida gjekk følte han at bandet blei pressa til å bli meir kommersielt.[4][8] Five Hand Reel var meir populært i Nord-Europa enn i Storbritannia, så han måtte vera mykje tid på reise, vekke frå familien sin, og eit overdriven forbruk av alkohol og generelt usunn livsstil byrja å setja merke, både fysisk og mentalt. I november 1978 blei dottera til Gaughan køyrd på av ein bil og alvorleg skadd medan han var borte. Denne hendinga førte til ei stor krise i livet til Gaughan. Han forlet bandet, men fann det vanskeleg å få solo-engasjement, og ved slutten av tiåret hadde han konsertar berre av og til, og supplerte inntekta si med å skriva artiklar for bladet Folk Review.[8]

1980-talet[endre | endre wikiteksten]

Gaughan vende tilbake til musikken att i 1980. Han samarbeidde med fleire andre utøvarar på albumet Folk Friends 2, og med Andy IrvineParallel Lines (1982).

Det neste soloalbumet hans, Handful of Earth (1981) blei ifølgje han sjølv det mest suksessrike med omsyn til både meldingar og sal. Det var årets folkealbum i Melody Maker i 1981, og blei vald til tiårets album av Folk Roots magazine (seinare fRoots) i i 1989, både blant lesarAr og kritikarar.[9] Albumet omfattar både tradisjonelle og nyskrivne songar, og fleire av dei er blitt del av kjernerepertoaret til Gaughan, som Robert Burns sin lyriske «Now Westlin Winds», den fyrige «Erin Go Bragh», Phil & June Colclough sin stemningsfulle «Song For Ireland»[10] og hans eiga omarbeiding av den tradisjonelle «Both Sides The Tweed», som kallar for skotsk sjølvstende utan å ofra vennskapen med resten av Storbritannia.[11]

Thatcher-regjeringa på 1980-talet galvaniserte Gaughan politisk. Han hadde aldri skjult den sterke sosialistiske trua si, og alle albuma hans hadde inkludert songar av slike forfattarar som Hamish Henderson, Ewan MacColl, Dominic Behan, Ed Pickford og Leon Rosselson. No følte han at «det var heilt klart på tide å slutta å melda og byrja å delta,»[9] og det neste albumet hans, A Different Kind of Love Song (1983) var ifølgje han sjølv «eit frontalangrep, rett og slett ein polemikk mot den kalde krigen».[12] Alle songane, som blei framførte i ulike stilar frå akustisk folk til elektrisk rock 'n' roll, fløyma over av politisk engasjement. Gaughan var òg politiske aktiv på andre område enn i musikken.[13][3] Han oppretta Perform, ein organisasjon som hadde som mål å lette samarbeid i folkemusikkverda,[14] gjekk med i agitprop-teatergruppa 7:84,[15] og var leiar for Leith Miners' Support Group under den britiske gruvearbeidarstreiken i 1984-85.

Gaughan spelte inn tre soloalbum dei neste tre åra: Live in Edinburgh (1985), den fyrste solokonserten hans etter ein pause på seks månader då han hadde mista stemmen, True and Bold (1986), ei samling songar om gruvearbeid, og Call It Freedom (1988), som var lik i stil og innhald til A Different Kind of Love Song. Han samarbeidde òg med jazzperkusjonisten Ken Hyder på eit album med fri improvisasjon, Fanfare for Tomorrow (1985), og song og spelte med andre kunstnarar på ein hyllest til Woody Guthrie, Woody Lives! (1987).

1990-talet[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1990-talet følte Gaughan igjen behovet for å arbeida regelmessig med andre, så han inviterte sju andre veletablerte skotske musikarar til å danne ei gruppe som fekk namnet Clan Alba. Den opphavlege besetninga bestod av Gaughan, songaren og gitaristen Davy Steel, harpistane Mary Macmaster og Patsy Seddon, multiinstrumentalisten Brian McNeill, sekkepipespelaren Gary West og perkusjonistane Mike Travis og Dave Tulloch. Gruppa debuterte på Edinburgh Folk Festival i 1992. Ho spelte på andre festivalar i Storbritannia og Europa i løpet av dei neste to åra, før Gary West forlet henne og blei erstatta av Fred Morrison. I 1994 spelte Clan Alba inn ein dobbel CD med same namn, som Gaughan produserte ved Redesdale Studios. Gruppa blei oppløyst året etter grunna problem med marknadsføringa av plata.[16]

For å ta opp att solokarrieren att spelte Gaughan inn to album dette tiåret. På Sail On (1996) deltok fleire musikarar frå Clan Alba. I lag med politiske songar som Pete Seeger sin «Waist Deep In The Big Muddy» og Brian McNeill sin «No Gods and Precious Few Heroes», hadde albumet òg med tolkingar av meir utbreidde songar, som Jagger/Richard sin «Ruby Tuesday» og Richard Thompson sin «1952 Vincent Black Lightning». Han skildra den neste, Redwood Cathedral (1998), som «særleg ein hyllest av ein songtolkar til låtskrivaren sitt virke.» Det hadde enkle arrangement av reflekterande songar, som den gamle Everly Brothers-hitten «Let It Be Me», Pete Seeger sin «Turn, Turn, Turn» og Lal Waterson sin «Fine Horseman».[17]

På denne tida blei Gaughan også ein aktiv brukar av Usenet. Han hadde studert dataprogrammering på 1980-talet, byrja laga nettstader i 1994 og oppretta eit eige webdesignselskap i 1998.[18]

2000-talet til no[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 2000-talet prøvde Gaughan seg på å skriva større verk, og fekk to orkesterverktinginar frå Celtic Connections-festivalen. Det fyrste verket, Timewaves (Love Song to a People's Music), blanda orkestermusikk med folkesong og blei oppført på festivalen i 2004 av Orchestra of Scottish Opera i lag med Gaughan og andre folkesongarar og -musikarar.[19] Det andre var ein symfoni, Treaty 300, som blei komponert for opningskonserten til Celtic Connections Youth Orchestra i 2007.[20] Mellom 2001 og 2008 kom det ut fem album av Gaughan. På Outlaws and Dreamers (2001) nytta han berre akustisk gitar og fela til Brian McNeill for å akkompagnera stemma si. Prentice Piece (2002) var ein retrospektiv gjennomgang av den trettiårige karrieren hans (sjølv om det ein del materiale ikkje kunne vera med på grunn av opphavsrettstrid). Definitive Collection (2006) var ei annan samling. Lucky For Some (2006) bestod nesten heilt av sjølvskrivne songar og Gaughan Liv! at the Trades Club (2008) var ei konsertinnspeling frå eit av favorittlokala hans, Trades Club i Hebden Bridge i Yorkshire.

Gaughan heldt fram med å spela konsertar, og var ei tid programleiar for musikkprogrammet Crossroads kvar veke på den skotske radiostasjonen Black Diamond FM.[21]

I september 2016, fordi han trudde han hadde hatt ein slag ein stund tidlegare som påverka hans evne til å framføra, kunngjorde Gaughan at han avlyste alle offentlege framføringar inntil vidare.[22] Ein MRI-test den neste månaden bekrefta slaget,[23] og i november det året blei det halde ein støttekonsert for han med Aly Bain, Phil Cunningham, Billy Bragg, Karine Polwart og Eddi Reader i Edinburgh.[24] Ifølgje bookingagenten sin byrja Gaughan med fysioterapi i februar 2017, og ville ikkje halda konsertar i den næraste framtida.[23]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I desember 2009 blei han innført i Scottish Traditional Music Hall of Fame.[25] I februar 2010 blei han tildelt ein livsverkspris (Lifetime Achievement Award) ved BBC Radio Two sin årlege Folk Awards-seremoni.[26]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

 

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • No More Forever (Trailer, 1972)
  • Kist o' Gold (Trailer, 1976)
  • Coppers and Brass (Topic, 1977)[27]
  • Gaughan (Topic, 1978)
  • Handful of Earth (Topic, 1981)
  • A Different Kind of Love Song (Celtic Music, 1983)
  • Live in Edinburgh (Celtic Music, 1985)
  • True and Bold: Songs of the Scottish Miners (STUC, 1986)
  • Call It Freedom (Celtic Music, 1988)
  • Sail On (Greentrax, 1996)
  • Redwood Cathedral (Greentrax, 1998)
  • Outlaws and Dreamers (Greentrax, 2001)
  • Prentice Piece (Greentrax, 2002) (samlealbum)
  • The Definitive Collection (High Point, 2006) (samlealbum)
  • Lucky for Some (Greentrax, 2006)
  • Gaughan Live! at the Trades Club (Greentrax, 2008)
  • Dick Gaughan - The Harvard Tapes (Greentrax, 2019)[28]

The Boys of the Lough[endre | endre wikiteksten]

Five Hand Reel[endre | endre wikiteksten]

  • Five Hand Reel (Rubber, 1976)
  • For A' That (RCA, 1977)
  • Ebbe, Dagmar, Svend og Alan (Sonet, 1978) (Alan Klitgaard med Five Hand Reel)
  • Earl o' Moray (RCA, 1978)

Clan Alba[endre | endre wikiteksten]

  • Clan Alba (Clan Alba Productions, 1995)

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Benefit concert to be staged for musician Dick Gaughan». Arkivert frå originalen 27. juni 2018. Henta 16. september 2017. 
  2. «Dick Gaughan's Website: Biography». Arkivert frå originalen 17. februar 2017. Henta 17 March 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Dick Gaughan's Website: Biography». Arkivert frå originalen 17. februar 2017. Henta 17. mars 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Dick Gaughan's Website: Interview with Edie Stark, BBC Radio Scotland, 2000». Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  5. 5,0 5,1 «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 26. juli 2017. Henta 17. mars 2017. 
  6. «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 2. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  7. «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 9. juni 2017. Henta 17. mars 2017. 
  8. 8,0 8,1 «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 17. mars 2017. 
  9. 9,0 9,1 «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 16. januar 2006. Henta 17. mars 2017. 
  10. Warfield, Derek; Daly, Raymond (17 April 2012). Celtic & Ireland in Song and Story by Derek Warfield and Raymond Daly (2008). ISBN 9781620957646. Henta 17. mars 2017. 
  11. «Dick Gaughan's Website: Song Archive». Arkivert frå originalen 15 January 2017. Henta 17 March 2017. 
  12. «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 5 June 2017. Henta 17 March 2017. 
  13. «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 10. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  14. «Dick Gaughan's Website: Post to Usenet Groups, 13 April 2002». Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  15. «Dick Gaughan's Website: Biography». Arkivert frå originalen 17. februar 2017. Henta 17. mars 2017. 
  16. «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 8. juni 2017. Henta 17. mars 2017. 
  17. «Dick Gaughan's Website: Discography». Arkivert frå originalen 9. juni 2017. Henta 17. mars 2017. 
  18. «About Gaelweb». Arkivert frå originalen 17. oktober 2016. Henta 17 March 2017. 
  19. «Review of "Timewaves"». The Scotsman. 4. februar 2004. Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  20. «Celtic Connections Youth Concert». Arkivert frå originalen 23 March 2017. Henta 17 March 2017. 
  21. «Where Celtic, Folk, Blues, Rock and Soul Meet». Arkivert frå originalen 28 May 2017. Henta 17 March 2017. 
  22. «Statement from Dick Gaughan's management». Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 17 March 2017. 
  23. 23,0 23,1 «Stoneyport Associates - DICK GAUGHAN». Arkivert frå originalen 3. august 2020. Henta 11 October 2019. 
  24. «Benefit Concert for Dick Gaughan». Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  25. «Scottish Traditional Music Hall of Fame: Dick Gaughan». Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 17. mars 2017. 
  26. «BBC Radio Two Folk Awards 2010». Arkivert frå originalen 5. september 2013. Henta 17. mars 2017. 
  27. «Copper and Brass - Dick Gaughan | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. juli 2019. Henta 11. oktober 2019. 
  28. «Dick Gaughan - The Harvard Tapes». Greentrax. Arkivert frå originalen 18. april 2021. Henta 25. desember 2021.