Diderik Iversen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diderik Iversen
Fødd24. september 1818
Røros
Død12. januar 1893
Røros
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bonde

Diderik Iversen, også Didrik Iversen Tønseth, (24. september 181812. november 1893) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Røros.

Iversen var son til ein gruvearbeidar på Røros. Han var omgangsskulehaldar på Røros 1835-42, deretter i 33 år lærar same staden. Han skaffa seg også eit småbruk, Flanderborg, til å skøyte på levemåten. Iversen var medlem av heradsstyret frå 1848 til -83, 29 av dei 36 åra var han ordførar i Røros. Elles var han forlikskommissær frå 1852 og formann i matrikkelkommisjonen. Valmann frå 1850 til han døydde.

Iversen representerte Søndre Trondhjems amtStortinget 1862-64 og 1868-85. På alle tingsamlingane var han medlem av vegkomiteen, med unnatak for omframstortinget 1864 då han var medlem av jarnbanekomiteen. Han var 1874-85 òg medlem av Lagtinget, dermed hadde han 1883-84 sete i riksretten mot Selmer-ministeriet. Samt medlem av valkomiteen 1880-85.

Han døydde på Røros i 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]