Didier Défago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Didier Défago
Didier Défago.JPG
Statsborgarskap Sveits
Fødd 2. oktober 1977
Morgins
Idrett alpint
Yrke alpinist

Didier Défago (fødd 2. oktober 1977) er ein sveitsisk skirennar frå landsbyen Morgins i Troistorrents i kantonen Valais. Défago vart olympisk meister i utfor under vinter-OL 2010 i Vancouver. I tida 2002-11 vann han fire renn i verdscupen i alpine greiner, 14 gongar har han stått på pallen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1996 vann Défago junior-VM i super-G og fekk sølv i kombinasjonen og bronse i storslalåm. Straks etter debuterte han i verdscupen i alpint i Hafjell med ein 15. plass i storslalåm.

Défago byrja nærme seg verdseliten i 2000-sesongen då han i to renn kom i mål som sjuandemann. På tampen av 2001-sesongen vart han nummer fire i eit super-G-renn i Kvitfjell, slått av tre austerrikarar. Ganske nøyaktig eitt år seinare fekk han sin fyrste pallplass då han i same super-G-løypa vart nummer to etter Alessandro Fattori frå Italia.

Défagos fyrste verdscupsiger kom 20. desember 2002, i eit super-G-renn i Gherdëina. I 2005-sesongen gjorde han mange gode prestasjonar og kom på sjetteplass samanlagt i verdscupen. Denne plasseringa kopierte han i 2009-sesongen, då han vart nummer tre både i kampen om utforpokalen og om super-G-pokalen av verdscupen. I same sesongen, i januar 2009, tok han sin andre siger då han rann fortast i utforløypa i Wengen.

I VM 2007 i Åre kom Défago på fjerde plass i superkombinasjonen, hans beste meisterskapsplassering til dess, i ei tevling der landsmannen Daniel Albrecht vart verdsmeister. Under OL 2010 opplevde Défago høgdepunktet som aktiv då han vart olympiameister i utforrennet, sju hundredels sekund framom norske Aksel Lund Svindal.

Défago tok sin fjerde og siste siger i verdscupen i eit utforrenn i Bormio romjula 2011.

Défago på veg mot gull i utforløypa under vinter-OL 2010

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
20. desember 2002 Gherdëina Flag of Italy.svg Italia Super-G
17. januar 2009 Wengen Flag of Switzerland.svg Sveits Utfor
24. januar 2009 Kitzbühel Flag of Austria.svg Austerrike Utfor
28. desember 2011 Bormio Flag of Italy.svg Italia Utfor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]