Beer Sheva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beersheba)
Beer Sheva
בְּאֵר שֶׁבַע, بئر السبع
by
Beer Sheva rådhus
Våpenskjold
Namneopphav: Eidsbrunnen, eller Dei sju brunnane
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Høgd 260 moh.
Koordinatar 31°14′59.18″N 34°47′58.95″E
Areal 11,75 km²
Folketal 197 269  (2012)[1]
Folketettleik 16 789 / km²
Borgarmeister Ruvik Danilovich
Kart
Beersheba
31°15′32″ N 34°47′52″ E
Wikimedia Commons: Beersheba
Nettstad: http://www.beer-sheva.muni.il

Beer Sheva (hebraisk skrift בְּאֵר שֶׁבַע, Be'er Sheva; gresk Βηρσαβεε, Birsabee; latinsk Bersabee; arabisk بئر السبع, Biʾr as-Sabʿ) er den største byen i Negevørkenen sør i Israel. Han vert ofte kalla «Hovudstaden i Negev» og er den sjuande største byen i Israel med eit folketal på 197 269.[1]

Beer Sheva vart ein viktig by på 1800-talet, då dei osmanske tyrkarane bygde ein regional politistasjon der. Slaget ved Beersheba var ein del av ein større britisk offensiv i fyrste verdskrigen retta mot å bryte gjennom den tyrkiske forsvarslinja frå Gaza til Beer Sheva. I 1947 var Bir Seb'a (arabisk بيئر شيبع), som han då vart kalla, ein del av den arabiske staten ifølgje delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina. Etter Israel erklærte sjølvstende samla den egyptiske hæren styrkane sine i Beer Sheva som ein strategisk og logistisk base. I slaget ved Beersheba i oktober 1948 vart han erobra av det israelske forsvaret.[2]

Beer Sheva har vakse kraftig sidan då. Ein stor del av innbyggjarane er etterkomarar etter sefardiske jødar og mizrahiske jødar som immigrerte frå arabiske land etter 1948, i tillegg til mindre samfunn av Bene Israel og Cochini-jødar frå India. Andre og tredje bølgjer av immigrasjon har funne stad sidan 1990, med mange askenasiske jødar frå det tidlegare Sovjetunionen, i tillegg til Beta Israel-immigrantar frå Etiopia. Dei sovjetiske immigrantane har gjort sjakk til ein stor sport i Beer Sheva. Byen er i dag det nasjonale sjakksenteret i Israel, med fleire stormeistrar i sjakk per innbyggjar enn nokon annan by i verda.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire teoriar for opphavet til namnet «Beer Sheva»: Eiden til Abraham og Abimelek (eidsbrunnen) er omtalt i 1 Mos 21,31. Andre er dei sju brunnane som Isak grov ut (sju brunnar), men ein har berre funne tre eller fire av dei.

Be'er er eit hebraisk ord for brunn; sheva kan tyde «sju» eller «eid» (frå det hebraiske ordet shvu'a).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Det har budd menneske i området sidan koparalderen. Innbyggjarane budde i grotter, laga metallreiskap og hadde kvegdrift.[4] Tel Be'er Sheva er eit arkeologisk funn aust for dagens Beer Sheva, som indikerer at regionen har vore busett sidan 3000-talet fvt.[5] Byen har sidan blitt øydelagd og bygd opp att mange gonger gjennom hundreåra.

Israelittisk tid[endre | endre wikiteksten]

Tel Be'er Sheva arkeologiske funn.

Tel Be'er Sheva er ein arkeologisk funnstad med ruinar av ein eldgamal by ein trur har vore den bibelske Beer-Sjeba, nokre få kilometer aust for den moderne byen. Byen er datert til tidleg israelittisk tid, kring 900-talet fvt. Staden vart truleg vald ut fordi det var mykje vatn her, som dei mange brunnane i området er eit bevis på. I følgje Bibelen vart brunnane grave ut av Abraham og Isak då dei kom dit. Gatene vart lagt ut i eit rutenett, med fråskilde område for administrasjon, handel, militærvesen og bustader. Ein trur at det kan ha vore den første planlagde busetnaden i regionen, og han hadde òg eit avanset vassnettverk, særleg den store cisternen som er graven ut i stein under byen.

Restar av eit lager i Tel Be'er Sheva.

Beer-Sjeba er nemnt i Første Mosebok i samband med Abraham og pakta hans med Abimelek. Isak bygde eit altar i Beer-Sjeba (1 Mos 26,23–33). Jakob hadde ein draum om ein stige til himmelen etter han drog frå Beer-Sjeba.(1 Mos 28,10–15 og 46,1–7). Beer-Sjeba låg i området som høyrte til Simon- og Juda-stamma (Josva 15,28 og 19,2). Sønene til profeten Samuel var dommarar i Beer-Sjeba (1 Sam 8,2). Saul, den første kongen i Israel, bygde ei borg der for felttoget sitt mot amalekitittane (1 Sam 14,48 og 15,2–9). Profeten Elia søkte tilflukt i Beer-Sjeba då Jesabel gav drapsordre på han (1 Kong 19,3). Profeten Amos nemnte byen i høve avgudsdyrking (Am 5,5 og 8,14).[6] Etter at babylonarane erobra og fanga mange av israelittane, vart byen fråflytta. Etter at dei israelittiske slavane kom attende frå Babylon, busette dei byen på ny. Ifølgje Det gamle testamentet var Beer-Sjeba den sørlegaste byen som israelittane busette seg i, og derfor vart omgrepet «frå Dan til Beer-Sjeba» nytta for å skildre heile kongedømet.[6]

Romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Under romersk og seinare bysantinsk tid, var byen ved frontlinja i forsvaret mot nabatearane. Dei siste innbyggjarane i Tel Be'er Sheva var bysantinarane, som drog frå byen under den arabiske erobringa av Palestina på 600-talet.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Beersheba i 1917
Beersheba i 1920-åra

Osmanarane, som hadde kontrollert Palestina sidan 1500-talet, fanga interesse for Beersheba seint på 1800-talet.[7] På byrjinga av 1800-talet kom europeiske pilegrimar til Palestina og dei skildra Beersheba som eit aude landskap med ein brunn og nokre få beduinar som budde i nærleiken. Mot slutten av 1800-talet bygde osmanarane ein politistasjon i Beersheba for å hande beduinane i sjakk.[8]:ix Dei bygde vegar og fleire små bygningar frå lokale materiale, som framleis står i dag. Ein byplan, skapt av sveitsiske og tyske arkitektar, bestod av eit ruta gatenettverk,[9] eit mønster som er synleg i Gamlebyen i dag. Alle husa bygde i denne perioden var ein etasje høg, og den to etasjar høge politistasjonen ruva dermed over dei. Dei fleste innbyggjarane på den tida var arabarar frå Hebron og Gaza-området, men jødar byrja òg å slå seg ned i byen. Mange beduinar gav opp nomadelivet sitt og bygde hus i Beersheba.[10]

Under fyrste verdskrigen bygde osmanarane ein militær jernbane frå Hejaz-linja til Beersheba, og stasjonen vart innvigd den 30. oktober 1915.[11] Den osmanske hærkommandanten Jamal Pasha og andre embetsmenn var til stades på feiringa. Toglinja var aktiv fram til den britiske hæren tvinga osmanarane ut i 1917, mot slutten av krigen.

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Beersheba spelte ei viktig rolle i Sinai- og Palestinafelttoget i fyrste verdskrigen. Den 31. oktober 1917, tre månadet etter at Rafah fall, braut soldatane til general Allenby gjennom den tyrkiske forsvarslinja mellom Gaza og Beersheba.[12] Åtte hundre soldatar frå det australske 4. og 12. regimentet til den 4. kavaleribrigaden under brigadegeneral William Grant, med berre hestar og bajonettar, gjekk laus mot dei tyrkiske skyttargravene, køyrde over dei og erobra brunnane i Beersheba i det som er blitt kalla «det siste suksessrike kavalieråtaket i britisk militærhistorie.»[treng kjelde] I utkanten av Gamlebyen i Beersheba ligg ein kringsgravplass med gravene til australske og britiske soldatar som fall i åtaket. Byen har òg ein minnemark til minne om dei.

Under Palestinamandatetvar Beersheba eit stort administrasjonssenter. Dei britiske bygde ein jernbane mellom Rafah og Beersheba i oktober 1917 og denne opna for vanleg trafikk i mai 1918, og tente Negev og busetnadane sør for Hebron-fjellet.[13] I 1928, i byrjinga av striden mellom jødane og arabarane om å få kontroll over Palestina, førte eit stort opprør til at 133 jødar død og 399 vart skadde, og mange jødar flytta frå Beersheba. Etter eit arabisk åtak på ein jødisk buss i 1936, som eskalerte til arabararopprøret i Palestina i 1936–1939, flytta dei gjenverande jødane.

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Pipes-brua i 2012.

Delingsplanen til SN frå 1947 inkluderte Beersheba i området som var førelått for ein arabisk stad, sidan dei 4 000 innbyggjarane i byen hovudsakleg var arabarar.[14] Den egyptiske hæren var stasjonært i Beersheba i mai 1948.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948, då militær etterretning fanga opp eit telegram frå egyptiske offiserar med planar om å gjenopprette linja frå Beersheba til Gaza , føreslo Yigal Allon å erobre Beersheba,[15] noko som vart godkjend av statsminister David Ben-Gurion. I følgje den israelske historikaren Benny Morris, gav han ordre om å «erobre Beersheba, utpostar kring han og øydelegg det meste av byen.»[16] Målet var å bryte den egyptiske blokaden av israelske konvoiar til Negev. Den egyptiske hæren venta ikkje ein offensiv og flykta en masse.[15] Den 21. oktober, kl 4:00 om morgonen, flytta israelarane i inn, medan somme soldatar rykka fram frå Mishmar HaNegev-krysset, 20 km nord for Beersheba, og andre frå den tyrkiske togstasjonen og Hatzerim. 09:45 var Beersheba på israelske hender. Kring 120 egyptiske soldatar vart tekne til fange. Dei gjenverande arabiske sivile, 200 menn og 150 kvinner og barn, vart tekne til politistasjonen. Den 25. oktober vart kvinner, born, eldre og sjuke køyrde med lastebilar til grensa til Gaza. Dei egyptiske soldatane vart internerte i krigsfangeleirar. Enkelte menn fekk bu i den lokale moskeen og drive med reinhald, men då det vart oppdaga at dei gav informasjon til den egyptiske hæren vart òg desse deporterte.[16] Etter operasjon Yoav vart det oppretta ein 10 kilometer vid eksklusjonssone kring Beersheba der ingen beduinar fekk lov å gå inn.[17] Beersheba vart rekna som strategisk viktig på grunn av plasseringa og den gode vassforsyninga. Han låg ved eit stort kryssingspunkt nordvestover til Hebron og Jerusalem, aust til Daudehavet og al Karak, sør til Akaba, vest til Gaza og sørvest til Al-Auja og grensa til Egypt.[15]

Etter nokre få månader var dei krigsherja husa i byen reparerte. Etter sjølvstendet til Israel byrja ei bølgje med innvandring av jødar til landet, og Beersheba opplevde ein folkevekst på fleire tusen. Byen voks raskt utafor bykjernen, som vart kjend som «Gamlebyen», då nye bydelar vart bygd opp rundt sentrum med bustadhus og blokker, husar med gardsbruk og kjøpesenter og skular. «Gamlebyen» vart omgjort til eit bysentrum med butikkar, restaurantar og tenestekontor. Eit industriområde og eit av dei største kinohusa i Israel vart òg bygd i byen. I 1956 var Beersheba ein raskt veksande by med 22 000 innbyggjarar.[18][19] I 1968 hadde folketalet vokse til 80 000.[20] Soroka sjukehus opna dørene i 1960 og Negev universitet, som seinare vart Ben-Gurion universitet i Negev, vart grunnlagd i 1969.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tørt elveleie i Nahal Ashan-parken.

Beer Sheva ligg langs nordenden av Negevørkenen, 115 km søraust for Tel Aviv og 120 km sørvest for Jerusalem. Byen ligg langs hovudruta frå sentrale og nordlege delar av landet til Eilat lengst sør. Beer Sheva-dalen har vore busett i tusenvis av år, sidan han har tilkomst til vatn. Vatnet renn frå Hebronåsane om vinteren og vert lagre under bakken i store mengder.[21] Hovudelva i Beer Sheva er Nahal Beersheva, ein wadi som renn om vinteren. Kovshim- og Katef-elvane er andre viktige wadi-elvar, som renn gjennom byen. Det ligg fleire drabantbyar kring Beer Sheva, som Omer, Lehavim og Meitar, og dei beduinske stadane Rahat, Tel as-Sabi og Lakiya.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Beer Sheva har eit varmt halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering BSh) med påverknad frå Middelhavet. Klimaet har både karakteristiske trekk frå middelhavsklima og ørkenklima. Somrane er steikande og tørre, medan vintrane er kjølige med regn. Om sommaren varierer temperaturen normalt frå 32 °C på dagtid til 20 °C om natta. Om vinteren er temperaturane lågare med ein dagtemperatur på opp mot 18 °C og ein minimumstemperatur kring 8 °C i snitt.

Det kjem sjeldan nedbør på sommaren. Det meste av nedbøren kjem om vinteren mellom september og mai, men årsnedbøren er låg, med 204,1 mm. Sandstormar, dis og tåke, særleg om vinteren, er vanleg, som følgje av høg luftfukt.

Vêrdata for Beer Sheva
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 28,4 31,8 35,5 40,9 41,2 43,6 45,5 44,3 41,8 39,6 34,1 31,4 45,5
Gjennomsnittleg maks °C 15,7 18,5 21,1 26,8 29,4 31,3 33,7 32,8 29,6 25,5 20,2 18,1 25,7
Gjennomsnittleg min °C 6,5 8,6 11,3 14,8 15,4 18,8 21,5 20,9 18,5 14,7 12,6 8,9 14,2
Lågast målte °C −5,3 −0,5 3,4 6,6 9,2 12,6 15,8 15,6 12,1 6,2 2,4 −2,1 −5,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 49,6 38,4 25,7 12,9 2,7 0 0 0 1,4 15,8 29,7 41,9 218,1
Gns. dagar med regn 9,2 7,3 5,4 1,6 0,8 0 0 0 0,3 2,4 5,6 7,5 41
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[22][23]


Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Beer Sheva er venskapsby med tolv byar:[24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015. 
  2. Guide to Israel, Zev Vilnay, Hamakor Press, Jerusalem, 1972, s.309–14
  3. «Beersheba Masters Kings, Knights, Pawns", Los Angeles Times, 30. januar 2005
  4. «Beersheba». Jewishvirtuallibrary.org. 21. oktober 1948. Henta 12. april 2015. 
  5. Z. Herzog. Beer-sheba II: The Early Iron Age Settlements. Arkeologisk institutt, Tel Aviv universitet og Ramot Publishing Co. Tel Aviv 1984
  6. 6,0 6,1 «Beer Sheva». Jewishmag.com. Arkivert frå originalen den 30. april 2009. Henta 30. mars 2015. 
  7. Yehuda Gradus. «Beer-Sheva, Capital of the Negev Desert – Function and internal structure». «only at the end of 19th century did Beer-Sheva become the Turkish administrative center for the Negev.» 
  8. Abu-Rabia, Aref (2001). A Bedouin Century: Education and Development among the Negev Tribes in the 20th century. Berghahn Books. Henta 8. august 2013. 
  9. Gerdos, Yehuda (1985). «Basis of Beersheba City Planning». I Mordechai Na'or. Settlement of the Negev, 1900–1960. Jerusalem: Yad Yitzhak Ben-Zvi. s. 167–177.  (he)
  10. Vilnai, Ze'ev (1969). «Be'er Sheva». Ariel Encyclopedia. Volume 1. Tel Aviv i Israel: Sifriyat HaSadeh. s. 473–515.  (he)
  11. Cotterell, Paul (1986). «Chapter 3». The Railways of Palestine and Israel. Abingdon, UK: Tourret Publishing. s. 14–31. ISBN 978-0-905878-04-1. 
  12. An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration in Palestine, 1917–1929, Gideon Biger, St. Martin's Press, New York, Magnes Press, Jerusalem, 1994, s. 23–24
  13. Gideon Biger (1994), An Empire in the Holy Land, s. 119
  14. Palestine Plan of Partition Map - Dei sameinte nasjonane, 1956
  15. 15,0 15,1 15,2 ''Yigal Allon: Native Son,'' Anita Shapira. Books.google.co.il. Henta 12. april 2015. 
  16. 16,0 16,1 Morris, Benny. The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, s. 467.
  17. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.245.
  18. Beersheba
  19. Beersheba Now Booming City, but It's Ancient Flavor Clings
  20. How Sea of Immigrants Tamed the Negev Wilderness[daud lenkje]
  21. «The climate of Beer Sheva». Arkivert frå originalen 25. mars 2008. Henta 5. september 2015. 
  22. «Averages and Records for Beersheba (Precipitation, Temperatur and Records [Excluding January and June] written i page)». Israelsk meteorologiske institutt. August 2011. 
  23. «Records Data for Israel (Data used only for January and June)». Israelsk meteorologiske institutt. 
  24. «International Relations of the City of Beersheba». Beersheba Municipality. Arkivert frå originalen 13. februar 2012. Henta 5. september 2015.  (he)
  25. «Partner Cities of Lyon and Greater Lyon». copy© 2008 Mairie de Lyon. Arkivert frå originalen 19. juli 2009. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Beer Sheva
Reiseguide for Beer Sheva frå Wikivoyage