Distriktet Indre Østfold
Utsjånad
Indre Østfold | |||
distrikt | |||
Indre Østfold markert i blått.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Indre Østfold er eit distrikt som ligg i den nordre delen av Østfold fylke. Distriktet vart formelt oppretta gjennom vedtak i fylkestinget i 2007. Dei to byane i området er Askim og Mysen.
Distriktet hadde til saman 57 094 innbyggjarar den 1. juli 2009.[1] og eit areal på 2 243 kvadratkilometer.[2] Det omfatta då dei ti kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Hobøl, Marker, Rakkestad, Rømskog, Skiptvet, Spydeberg og Trøgstad. Etter kommune- og regionreforma i 2020 omfatta det kommunane Aremark, Marker, Indre Østfold, Skiptvet og Rakkestad.
Administrative inndelingar
[endre | endre wikiteksten]- Kommunane deltek i Indre Østfold Regionråd
- Distriktet utgjer næringsregionen Indre Østfold (NHO).
- Aremark, Marker, Trøgstad, Askim, Eidsberg, Rakkestad og Rømskog høyrer til Østre Borgesyssel prosti under Borg bispedømme i Den norske kyrkja.
- Spydeberg, Skiptvet og Hobøl høyrer til Vestre Borgesyssel prosti (også under Borg).
- Distriktet høyrer til domsmyndeområdet til Heggen og Frøland tingrett, utanom Aremark og Rakkestad som ligg under høvesvis Halden tingrett og Sarpsborg tingrett, alle under Borgarting lagmannsrett.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ssb.no: befolkningsendringer
- ↑ statkart.no: kommuneareal, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 19. september 2010