Østre Borgesyssel prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Østre Borgesyssel prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Marker, Rakkestad, Rømskog og Trøgstad i Østfold fylke. Prosten har sete på Mysen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prostiet vart skipa i 1749. Då vart prestegjelda Aremark, Askim, Eidsberg, Rakkestad, Rødenes og Trøgstad skilde ut frå Øvre Borgesyssel prosti. Prostiet hadde frå starten namnet Mellom Borgesyssel prosti. Namnet vart endra til Østre Borgesyssel ved opprettinga av Borg bispedøme i 1973.[1]

Sokn[endre | endre wikiteksten]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Det er 16 sokn i prostiet (2014).

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Aremark sokn Aremark kyrkje
Holmgill kyrkje
Aremark
Askim sokn Askim kyrkje Askim
Båstad sokn Båstad kyrkje Trøgstad
Degernes sokn Degernes kyrkje Rakkestad
Eidsberg sokn Eidsberg kyrkje Eidsberg
Hærland sokn Hærland kyrkje Eidsberg
Klund sokn Klund kyrkje Marker
Mysen sokn Mysen kyrkje Eidsberg
Os sokn i Borg Os kyrkje i Borg Rakkestad
Rakkestad sokn Rakkestad kyrkje Rakkestad
Rødenes sokn Rødenes kyrkje Marker
Rømskog sokn Rømskog kyrkje Rømskog
Trøgstad sokn Trøgstad kyrkje Trøgstad
Trømborg sokn Trømborg kyrkje Eidsberg
Ørje sokn Ørje kyrkje Marker
Øymark sokn Øymark kyrkje Marker

Prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Østre Borgesyssel desse prestegjelda:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Østre Borgesyssel prosti»». Arkivverket : Statsarkivet i Oslo, arkivportalen.no. Henta 11. mars 2014. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°33′13″N 11°19′48″E