Rømskog kommune
Rømskog kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Fylke | Østfold | |
Adm.senter | Rømskog | |
Areal | 183 km² | |
- land | 159 km² | |
- vatn | 24 km² | |
Folketal | 682 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 4 / km² | |
Målform | bokmål | |
Ordførar | Thor H. Ramberg (KrF) | |
Kommunenr. | 0121 | |
Wikimedia Commons: Rømskog | ||
Nettstad: www.romskog.kommune.no | ||
Rømskog er ein kommune i Østfold fylke. Han grensar i vest og nord til Aurskog-Høland, i aust og sør-aust til Sverige og i sør til Marker. Kommunen vart i 1902 skilt ut frå Rødenes som eigen kommune. Rømskog er med sine rundt 700 innbyggjarar den minste kommunen i Østfold og blant dei minste på landsbasis.
Rømskog har vore folkesett sidan før tidleg steinalder. Dei første gardane vart bygde ca. 500 f.Kr, men ein reknar med at ein har drive med husdyrhald her allereie for 4000-5000 år sidan. Gardane Flata og Bøen er truleg blant dei eldste i bygda og mange av dagens gardar stammar frå vikingtida. Folk frå Rømskog vert kalla rømsjingar.[1]
Innhaldsliste
Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]
Rømskog ligg i det øvste hjørnet av Østfold, lengst unna kysten. Landskapet er difor noko høgare enn elles i Østfold, og dei tre høgaste toppane i fylket ligg i Rømskog. Forutan Slavasshøgda 336 moh. som den høgaste, er det Haukenesfjellet og Røvasshøgda, begge 333 moh. Sentralt i kommunen ligg Rømsjøen 137 moh.
Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]
Kommunevåpenet til Rømskog består av ei tømmersaks som viser at Rømskog er ein skogskommune med lange tradisjonar innanfor skogdrift. Rømskog har ca 129 000 dekar produktiv skog.
Kultur[endre | endre wikiteksten]
Rømskog kyrkje ligg i kommunen. Rømskog har eit rikt kulturliv, med over 30 lag og samskipnader som omfattar alt frå musikkorps og kor til 4H, idrettslag og jeger- og fiskeforening. Rømskog har fått start på A-laget òg.[2]
Sandemskolen[endre | endre wikiteksten]
Sandemskolen vart bygga i 1922 og er i dag kunstgalleri som blir drive av biletkunstnaren og kunsthandverkaren Arne Lindaas og Guri Lindaas. Galleriet har blant anna ei permanent samling måleri av Waldemar Lindaas, som var Arne Lindaas' far.
Trosterud skolemuseum[endre | endre wikiteksten]
Denne skolestova vart bygd på 1860-talet, etter Skoleloven av 1860 som påla kommunane å byggje og drive faste skolar. Skulen hadde to rom, skolestove og kjøkken med sovealkove, og hadde fast lærar som budde i skolestova. Skulen var i drift fram til 1940 og i 1977 vart bygningen sett i stand som skolemuseum.
Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]
Kommunen sin tusenårsstad er garden Kurøen, som er eit kombinert bygdetun og kultursenter.
Næringliv[endre | endre wikiteksten]
Kommunen si viktigaste hjørnesteinsbedrift er Normeka. Zen Resort & Spa ved innsjøen Vortungen vart opna hausten 2008. Spa-hotellet vart bygd for 140 millionar kroner. Utbygginga er av dei største investeringane som er gjort i Rømskog kommune. Konseptet fungerte ikkje og hotellet gjekk konkurs. I januar 2011 vart det selt for 38 millionar kroner. Dei nye eigarane ville etablere eit opplevelsestilbud til konferanse- og privatmarkedet. Det nye hotellet opna 13. mars 2011.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Christian Nicolai Bjørke. Nå skal Norges sykeste fylke dø. NRK. 3. november 2019-11-04. «Det tok rømsjingene, som innbyggerne kalles, med knusende ro»
- ↑ Meir informasjon på [www.romskogfotball.com]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Rømskog kommune (Offisiell nettstad)