Diyala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diyala
elv
Dyala river.JPG
Land Flag of Iran.svg Iran, Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 33°13′15″N 44°30′23″E
Lengd 445 km
Kjelde Nord-Irak/Vest-Iran
Munning Tigris
Map
Diyala
34°17′22″ N 45°9′18″ E
Diyala river.PNG
Locator Red.svg
Iraq physical map.svg
Wikimedia Commons: Diyala River

Diyala er ei elv og sideelv til Tigris. Ho oppstår ved samløpet mellom Sirwan og Tanjero i Darbandikhan-damen i Sulaimaniya guvernement i Nord-Irak. Elva har ei samla lengd på 445 km.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Samløpet mellom Bil og Sirwan

Elva spring ut nær Hamadan i Zagrosfjella i Iran. Ho renn så gjennom fjella, der ho i 32 km dannar grensa mellom dei to landa. Ho munnar ut i Tigris nedanfor Bagdad. Elva renn gjennom tronge kløfter i den øvre delen, men lenger nede er elvedalen ei viktig handelsrute mellom Iran og Irak.

Elva flyt sørvest for Hamrinfjella.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet har arameisk opphav frå Δέλαζ eller Diyalas. På kurdisk vert ho kalla Sirwan, som tyder 'ropande elv'. I tidleg islamsk tid danna den nedre delen av elva ein del av Nahrawankanalen. Diyala guvernement i Irak er kalla opp etter elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva er nemnd i Historia av Herodotos som Gyndes. Her vert det sagt at kong Kyros den store tørrla elva med å grave 360 kanalar som straff etter at ein heilag kvit hest forsvann der. Elva gjekk attende til normal vassføring atter at kanalane forsvann i sanden. Slaget ved Diyala fann stad i 693 fvt. mellom styrkar frå Det assyriske riket og elamittane frå Sør-Iran.

I mars 1917 slo britane Det osmanske riket ved samløpet til Tigris, noko som førte til at Bagdad fall, under det mesopotamiske felttoget i fyrste verdskrigen.

Demningar[endre | endre wikiteksten]

I Iran er Daryandammen under utbygging nær Daryan i provinsen Kermanshah. Føremålet med dammen er å leie store mengder vatn frå elva til Sørvest-Iran for vatningsføremål gjennom den 48 km lange Nosoud-tunnellen og for å skape vasskraft.[1][2] I Irak når elva først Darbandikhan-dammen der det ligg eit vasskraftverk og vert lagra vatn for jordbruket. Ho renn så ned til Hemrin-dammen for liknande føremål. I den nedre Diayaladalen nær Bagdad vert elva kontrollert av Diyala-dammen som kontrollerer flaum og vatning i området nordaust for Bagdad.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Darian Dam» (på persisk). Iran Water Resources Management. Arkivert frå originalen 2014-02-02. Henta 1. mars 2018. 
  2. «Water Tunnel Nosoud» (på persisk). JTMA. Arkivert frå originalen 2013-01-23. Henta 1. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Diyala