Dnipro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dnipropetrovsk)
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen. For elva som heiter Dnipro på ukrainsk, sjå Dnepr.
Koordinatar: 48°27′0″N 34°59′0″E
Dnipro
ukrainsk Дніпро, russisk Днипро
by
none
flagg
våpen
Kallenamn: Dnipro
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Dnipropetrovsk oblast
Bykommune Dnipropetrovsk
høgd 155 moh
Koordinatar 48°27′0″N 34°59′0″E
Areal 405 km²
Folketal 1 001 612 (2011)
Folketettleik 2 473 / km²
Grunnlagd 1776
borgarmeister Ivan Ivanovytsj Kulitsjenko[1]
Postnummer 49000
Retningsnummer +380 56(2)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dnipro (city)
Nettstad: gorod.dp.ua

Dnipro (ukrainsk skrift Дніпро), tidlegare Dnepropetrovsk og før det Jekaterinoslav/Katerynoslav,[2] er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.[3][4] Han ligg ved Dnepr, søraust for den ukrainske hovudstaden Kiev, sør i det sentrale området av landet. Dnipro er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).

Dnipro er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentra for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.

Andre namn[endre | endre wikiteksten]

I 1917 fekk Jekaterinoslav namnet Sitsjeslav av Den ukrainske folkerepublikken, men ein gjekk attende til det gamle namnet alt i 1919.[5][6]

Namneendringar

  • Jekaterinoslav 1776–1782, gjenoppretta 1783–1797
  • Novorossijsk 1797–1802
  • Jekaterinoslav 1802–1917
  • Sitsjeslav 1917–1918
  • Jekaterinoslav (russisk skrift Екатеринослав), Katerynoslav ukrainsk Катеринослав, 1918–1926
  • Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk (russisk skrift Днепропетровск). 1926 til 2016[7]

Geography[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av Dnipropetrovsk. Dnepr renn gjennom byen og fleire bruer kryssar elva i byen.

Byen ligg på begge sider av Dnepr, ved ein stor sving der elva endrar retning frå nordvest og held fram sørover i Ukraina.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Om sommaren er Dnipropetrovsk varm (i juli 24-28 ºC, og stundom 32-36 ºC). Vinteren er kald med temperaturar i januar kring -4 til 0 ºC, men når det ikkje er snø og vinden blæs kraftig, kjennest det særs kaldt.

Klimaet er kontinentalklima og vintrane kan stundom verte særs kalde, ned mot -15 ºC og om sommare særs varm (opp mot 40 ºC).[8]

Klimadata for Dnipropetrovsk
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 12.3 17.5 24.1 30.0 36.1 37.8 39.8 40.9 36.5 32.6 20.6 16.3 40,9
Normal maks. temp. °C -1.0 0.0 6.0 15.2 22.1 25.6 28.0 27.4 21.5 13.8 5.2 0.2 13,7
Døgnmiddeltemp. °C -3.7 -3.4 1.8 9.6 16.1 19.8 22.1 21.4 15.5 8.9 2.0 -2.3 9,0
Normal min. temp. °C -6.1 -6.3 -1.6 4.9 10.6 14.6 16.7 15.8 10.7 5.0 -0.5 -4.7 4,9
Kulderekord °C -30.0 -27.8 -19.2 -8.2 -2.4 3.9 5.9 3.9 -3.0 -8.0 -17.9 -27.8 -30,0
Nedbør (mm) 45 43 43 38 42 60 54 43 41 37 46 47 539
Normal mengd nedbørdagar 9 8 10 13 13 13 12 9 10 10 12 11 130
Kjelde: Pogoda.ru.net[9]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd 1776 av Potjomkin. Han skulle vere midtpunkt for dei områda som var erobra som eit resultat av den endelege underlegginga av dei ukrainske kosakkane i 1775 (storminga av hovudsetet deira Zaporizjzjia Sitsj), og sigeren mot Det osmanske riket i den russisk-osmanske krigen 1768–1775.

Byen fekk namnet Jekaterinoslav til ære for Katarina II av Russland. Han vart omdøypt til Dnepropetrovsk 1726 (seinare Dnipropetrovsk). Byen opplevde ein sterk vekst etter bygginga av Dneproges-dammen i 1932.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]