Dominicus Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dominicus Brun
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1790
Åfjord kommune
Død

20. februar 1874 (83 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Dominicus Nagell Lemvig Brun (1. november 179020. februar 1874) var ein norsk offiser, gardbrukar og stortingsmann, fødd i Åfjord i Sør-Trøndelag.

Brun var son til ein offiser. Han gjekk sjølv den militære vegen og vart offiser i 1808. Frå 1812 var han premierløytnant ved det romsdalske musketerkorps, og frå 1816 også gardbrukar i SurnadalNordmøre. Sidan vart han i 1832 kaptein og sjef for det sundalske kompani, 1848-57 oberstløytnant og sjef for trondhjemske nasjonale jegerkorps. Han budde i Trondheim frå 1852 og i Strinda frå 1857.

Brun var forlikskommissær 1834-52 i Surnadal og den fyrste ordføraren i heradet frå 1838 til han flytta i 1852. I Trondheim var han medlem i bystyret.

Brun var stortingsrepresentant frå Romsdals amt i tida 1845-51. Han var i 1845 og 1848 medlem i Justiskomite nr 1, medan han i 1851 hadde plass i Militærkomite nr 2 og Jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]