Don't Make Me Over

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Make Me Over
av Dionne Warwick
frå albumet Presenting Dionne Warwick
Utgjeve 1962
Innspelt 1962, Bell Sound Studios, New York City
Sjanger Pop, easy listening, soul
Lengd 2:46
Selskap Scepter
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Produsent Burt Bacharach, Hal David
Dionne Warwick-kronologi
Don't Make Me Over «This Empty Place»
(1963)


«Don't Make Me Over» er ein song skriven av Burt Bacharach og Hal David for debutsingelen til Dionne Warwick i 1962.

Dionne Warwick-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivarduoen Burt Bacharach og Hal David hadde merka seg arbeidet til Dionne Warwick som studiosongarThe Drifters sin «Mexican Divorce» i februar 1962 og Warwick hadde etter dette sunge på demoar skriven av Bacharach/David, frå og med songen «Make It Easy on Yourself». Florence Greenberg, som eigde selskapet Scepter Records, hadde signert kontrakt med Warwick etter å ha høyrt stemma hennar på demoen for «It's Love that Really Counts», men Greenburg ønskte ikkje å gje ut denne songen som ein singel av Warwick («It's Love That Really Counts» vart gjeven til the Shirelles som ei B-side); Greenberg avslo òg «Make It Easy on Yourself», som vart gjeve til Jerry Butler, og som vart ein hit. Warwick hadde håpa å få spele inn «Make It Easy on Yourself» som debutplata si.

Då Bacharach og David fekk vite at selskapet ikkje tykte stilen hennar var rett for den nye songen deira, og at Jerry Butler hadde fått han i staden, følte ein skuffa Warwick seg brukt, manipulert og utnytta, og trudde ikkje på dei då dei sa at dei ville skrive ein like bra song for ho i hennar eigen stil. I følgje Burt Bacharach skal Warwick ha svart med å rope til dei medan ho drog frå platestudioet: «Don't make me over, man . . . (you have to) accept me for what I am». Bacharach og David såg på kvarandre og David sa til Bacharach: «Burt, eg trur me akkurat høyrte tittelen på ein ny song». David, som alltid greip sjansen når det oppstod inspirasjon til ein ny song, sette seg ned og skreiv teksten til «Don't Make Me Over» (ikkje forandre meg), og endra tydinga til «aksepter meg som eg er».[1]

Då songen vart ferdigskriven vart «Don't Make Me Over» spelt inn med hjelp av Bacharach og David av Warwick i Bell Studios i august 1962. Produksjonen på den tida var eit steg til sides for det plateindustrien gjorde på den tida med ein ny, mektig, og ofte høgtflygande rame med orkester og kor kring melodiane til Bacharach med den mektige, soul-aktige kvinnelege stemma til den unge Warwick. Det var ein original stil, som Florence Greenberg opphavleg mislikte. Ein annan song frå den same innspelinga, «I Smiled Yesterday», vart derfor den offisielle A-sida på debutsingelen til Warwick med «Don't Make Me Over» som B-side. Men det vart «Don't Make Me Over» som vart spelt på radiostasjonar i San Francisco då han kom ut i oktober 1962, og under denne tittelen gjekk singelen inn på Billboard Hot 100 i 8. desember 1962, og nådde 21. plass, i tillegg til femteplass på R&B-lista, i januar 1963. På singelen vart namnet hennar trykt feil som Dionne Warwick. Det verkelege etternamnet hennar er Warrick, og frå den tid vart ho kjend som «Dionne Warwick»[2]

Singelen var den første av minst 56 singlar av Warwick som gjekk inn på Billboard Hot 100 mellom 1962 og 1998 og den originale innspelinga av «Don't Make Me Over» vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2000. Same året spelte Warwick inn ein ny versjon av «Don't Make Me Over» på albumet hennar Dionne Sings Dionne II, kring 38 år etter den første innspelinga hennar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Warwick-versjonen av «Don't Make Me Over» vart ikkje gjeve ut i Storbritannia. Den første singelen hennar her var den tredje singelen hennar, «Make the Music Play». (Pye UK gav ut «Don't Make Me Over» på ein firespors EP i 1964.) Louise Cordet gjorde det første forsøket med songen for den britiske marknaden med ein singel i april 1964, og det neste forsøket kom i 1965 med the Dowlands, produsert av Joe Meek, men ingen av desse gjekk inn på listene. Songen nådde omsider den britiske singellista med ein versjon av the Swinging Blue Jeans, som nådde 31. plass i februar 1966. Han vart spelt inn 30. juli 1965.

«T'en Vas Pas Comme Ça», var ein versjon på fransk av «Don't Make Me Over» med tekst av Pierre Delanoë, som gav Nancy Holloway ein 11. plass på singellista i Frankrike i 1963, med ein rivaliserande versjon av Les Surfs på 71. plass. Dionne Warwick-versjonen vart gjeve ut i Frankrike i 1964 og nådde då 69. plass. «Don't Make Me Over» vart òg spelt inn på italiensk av Ornella Vanoni som «Non Dirmi Niente». Denne singelen frå 1964 nådde 21. plass i Italia.

I 1970 nådde Brenda & the Tabulations 15. plass på R&B-lista med ei nyinnspeling av «Don't Make Me Over» spelt inn i Regent Sound Studio i Philadelphia med produsenten Van McCoy. Denne versjonen nådde òg 77. plass på Billboard Hot 100.

Jennifer Warnes spelte inn «Don't Make Me Over» i 1979 for albumet Shot Through the Heart. Singelen nådde 67. plass i USA i januar 1980.

I 1989 vart ein new jack swing-versjon av «Don't Make Me Over» gjeve ut av Sybil og denne nådde 20. plass på Hot 100 - ein plass høgare enn originalen til Warwick. Han nådde òg andreplassen på R&B-lista og ein 19. plass i Storbritannia. Ein sample av denne versjonen danna grunnlaget for hitsingelen til Caron Wheeler frå 1992, «I Adore You» frå filmmusikken til Mo' Money med Damon Wayans.

«Don't Make Me Over» har òg vorte spelt inn av Petula Clark, Neil Diamond, Connie Francis og Thelma Houston.

I fjernsynsserien Glee syng Amber Riley «Don't Make Me Over» og denne versjonen finst på Glee: The Music, Volume 2

I 2010 song den britis-irske doo-wop-kvintetten The Overtones ein versjon av «Don't Make Me Over» som vart gjeven ut på debutalbumet Good Ol' Fashioned Love.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Butler, Jerry (2004). Only the Strong Survive: memoirs of a soul survivor. Bloomington IN: Indiana University Press. s. 116. ISBN 0-253-21704-0. 
  2. Dominic, Serene (2002). Burt Bacharach, song by song: the ultimate Burt Bacharach reference for fans. London: Omnibus Press. s. 93. ISBN 0-8256-7280-5.