Hopp til innhald

The Shirelles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Shirelles

The Shirelles i 1962. Med klokka frå toppen: Addie «Micki» Harris, Shirley Owens, Beverly Lee og Doris Coley.
AliasThe Poquellos, Shirley & the Shirelles
OpphavPassaic i New Jersey i USA
Aktiv1957–1982
SjangerR&B, rock and roll, doo-wop, pop, soul
PlateselskapTiara, Decca, Scepter, Bell, RCA; UK: Top Rank, Stateside, Pye International
Tidlegare medlemmerShirley Owens
Doris Coley (død)
Addie Harris
Beverly Lee
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Shirelles var ei ameikansk jentegruppe kjend for sin rhythm and blues, doo-wop og soul og vart populær tidleg i 1960-åra. Dei bestod av skulevenene Shirley Owens (seinare Shirley Alston Reeves), Doris Coley (seinare Doris Kenner-Jackson), Addie «Micki» Harris (seinare Addie Harris McFadden), og Beverly Lee og var den første reine kvinnelege gruppa som nådde toppen av singellista i USA med «Will You Still Love Me Tomorrow».

Ein oppdater versjon av den første songen til The Shirelles, «I Met Him on a Sunday» kalla «I Met Him On A Sunday '66».

Gruppa som seinare vart The Shirelles vart skipa i 1957 av fire tenåringsjenter frå Passaic i New Jersey,[1] under namnet The Poquellos[2] (eller Pequellos[3]). Dei første medlemmane var Shirley Owens, Doris Coley, Addie «Micki» Harris og Beverly Lee som vart med i ein talentkonurranse på Passaic High School etter forslag frå læraren deira. Etter å ha høyrt dei syngje «I Met Him on a Sunday», ein song dei hadde skrive for konkurransen, overtyddde klassevenen Mary Jane Greenberg dei motvillige jentene om å møte mora hennar, Florence, som eigde Tiara Records.[2][4] Etter fleire månader der dei prøvde å unngå Greenberg og sa at dei ikkje var interesserte i å syngje profesjonelt, fekk dei ein avtale med Tiara. Mot slutten av året hadde dei endra namn til The Shirelles,[1] ei kombinasjon av den første stavinga i førenamnet til Owens og -el, slik den då populære gruppa The Chantels hadde.[5] Ei kort stund hadde dei òg heitt The Honeytunes. Det året gav dei ut den første songen sin, «I Met Him on a Sunday» og etter lokal sukess vart singelen lisensiert til Decca Records for nasjonal distribusjon og songen nådde 50. plassen på singellista. Songen var inspirert av doo-wop, men nytta pop-melodiar.[6]

Tiara Records, i lag med kontrakten til The Shirelles, vart seld til Decca Records i 1959 for 4 000 USD. Greenberg vart verande manageren deira og sikra dei konsertar, mellom anna ein i Howard Theatre i Washington D.C.[7] Etter at to singlar selde dårleg, inkludert den første utgjevinga deira med Coley som førstevokalist på «Dedicated to the One I Love», ein song av The "5" Royales,[8] sende Decca dei attende til Greenberg og gav dei opp som eit one-hit wonder.[7] På det nye selskapet til Greenberg, Scepter Records,[1] gav dei ut at «Dedicated to the One I Love» på ny og singelen klatra til 89. plassen på singellista. Wayne Wadhams, David Nathan og Susan Lindsay i Inside the Hits meiner dette kom av dårleg distribusjon.[9] For å marknadsføre gruppa betre, bad Greenberg låtskrivaren Luther Dixon, som tidlegare hadde arbeidd med Perry Como, Nat King Cole og Pat Boone og vore med å skrive hitten «16 Candles» i 1959, om å skrive og produsere songar for dei. Dixon tok i mot tilbodet.[10]

Den første singelen dei produserte med Dixon, «Tonight's the Night», kom ut i 1960 og nådde 39. plassen på hitlista. Denne suksessen gjorde at gruppa ekk spele med fleire større artistar,[9] som Etta James og Little Richard,[11] og gjorde at Scepter flytta inn i større kontorlokale. Oppfølgjaren var «Will You Love Me Tomorrow», som vart skriven av ekteparet og låtskrivarduoen Gerry Goffin og Carole King.[10] Denne songen vart den første av ei afroamerikansk jentegruppe som toppa Billboard-lista,[12] og kanskje den første jentegruppa i det heile tatt.[2] «Tonight's the Night» vart sidan nytta som tittelsongen på eit album frå 1961, Tonight's the Night, som òg inneheldt «Will You Love Me Tomorrow» og «Dedicated to the One I Love».[13]

Etter suksessen med singlane sine, vart The Shirelles ofte gjester på Murray the K, som tok dei med på radioshowet sitt «All Star Rock Shows» i New York.[3] I same perioden gav dei ut «Dedicated to the One I Love» på ny, og han nådde no tredjeplassen på singelllista. Denne vart følgd opp av «Mama Said», så «Baby It's You», skriven av Burt Bacharach, Luther Dixon og Mack David, «Soldier Boy»,[14] og «Boys», med saksofonisten King Curtis.[3]

I 1963 forlet Dixon Scepter, og gradvis byrja singlane til The Shirelles å selje dårlegare. Dei fortsette likevel å spele inn musikk og halde konsertar. Dionne Warwick erstatta Owens og Coley, som begge tok seg fri for å gifte, på konsertar og gruppa fortsette å spele inn musikk. Det året nådde songen deira «Foolish Little Girl» topp ti på pop- og R&B-listene, og dukka opp i filmen It's a Mad, Mad, Mad, Mad World.[5] Seinare i 1963 fekk dei vite at inntektskontoen, som inneheldt honorara deira, og som dei skulle få frå Scepter då dei vart 21 år gamle, ikkje eksisterte.[14] Som svar forlet dei selskapet,[8] og saksøkte seinare selskapet for kontraktsbrot. Scepter møtte dette med eit motsøksmål for å ha slutta. Begge søksmåla vart trekte attende i 1965 då dei kom fram til ei semje.[15] At Scepter hadde lyge om inntektene skuffa The Shirelles, som kjende seg lurte. I eit intervju i 1981 sa Owens at Greenberg hadde oppført seg som ei «mor for dei» og at dei «hadde falle totalt for dette».[16]

Seinare karriere

[endre | endre wikiteksten]
Owens slutta i gruppa i 1975.

I seinare år var The Shirelles mindre populære, dels på grunn av den britiske bølgja[5] og hard konkurranse frå andre jentegrupper, som The Chiffons, The Supremes, The Ronettes, Martha & the Vandellas og The Crystals.[14] I denne perioden erstatta Warwick ofte Coley. The Shirelles hadde framleis kontrakt med Septer, og kunne ikkje spele for andre selskap før kontrakten var over[8] i 1966.[15] Den siste singelen deira som nådde listene var «Last Minute Miracle» i 1967,[5] som nådde 99. plassen.[17]

Med dårlegare salstal slutta Coley i gruppa i 1968 for å bruke meir tid på familien. Dei attverande tre medlemmanespelte inn songar for fleire selskap, inkludert Bell Records, RCA og United Artists fram til 1971. Sidan turnerte dei med dei gamle songane sine, og deltok i filminga av dokumentarfilmen Let the Good Times Roll i 1973,[5] og spelte inn to songar for denne.[3] Coley kom attende som førstevokalist i 1975,[8] og erstatta Owens, som slutta det året for å satse på ein solokarriere.[18] I 1982 døydde Harris av eit hjarteinfarkt i Hyatt Regency etter to konsertar i Atlanta med gruppa.[5][6][19] Året etter framførte dei attverande tre medlemmane «Will You Love Me Tomorrow» i lag med Warwick på albumet hennar How Many Times Can We Say Goodbye.[5]

Nyare versjonar

[endre | endre wikiteksten]

I dag turnerer dei originale medlemmane i forskjellige, separate grupper,[5] men retten til namnet The Shirelles vart etter kvart teken over av Lee.[20] Shirley Owens har halde fram å turnere under namnet 'Shirley Alston Reeves and her Shirelles'. Lee spelte med nye medlemmar som «The Shirelles». Coley døydde i Sacramento i California i 2000 av brystkreft.[8][12]

Wadhams, Nathan og Lindsay skildra den tidlege stilen til The Shirelles som «tett, nesten doo-wop-harmoni».[21] Vokalen til Owenss er av skribenten Alwyn W. Turner skildra som «vedunderleg uttrykksfull», og kunne høyrast ut som «nesten, men ikkje heilt ustemt», noko som i følgje Turner førte til at Owens høyrdest uskuldig ut på songane sine.[22] Tekstane som The Shirelles song hadde ein tendens til å vere ganske enkle og skjulte sjeldan tydinga av songane. Songane var implisitt retta mot kvinnelege lyttarar, og dei mannlege subjekta i songane vart som regel omtalt som «han» og ikkje «du/deg».[22] Dette var noko nytt i forhold til tidlegare songar skrivne av kvinner, som ofte var meir kjønnsnøytrale, og var med på å bane veg for meir «bekjennande» songar i 1970-åra frå songarar som Joni Mitchell og Carole King.[4][23]

Musikalsk var songane deira med Dixon inspirert av brasiliansk baião og bestod av fleire tilfelle av synkope.[10]

Påverknad

[endre | endre wikiteksten]

Steve Huey frå AllMusic skriv at The Shirelles definerte «den såkalla jentegruppestilen med sine mjuke, søte harmoniar og lengselsfull uskuld» og at songane deira føreåtdaterte Motown med å appellere til både eit kvitt og svart publikum, både i USA og i Storbritannia. Han skriv òg at «legionar av liknande grupper» følgde, og at grunnla malen for framtidige kvinnelege popstjerner.[5] Turner skriv at The Shirelles «skipa jentegruppe-sjangeren».[22]

I 1994 vart The Shirelles æra med Pioneer-prisen frå Rhythm and Blues Foundation for musikkbidraga deira.[24] Prisen vart motteken av Owens, Lee og Kenner.[6] To år seinare vart dei innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, i lag med Gladys Knight and The Pips. I 2002 vart dei innlemma i Vocal Group Hall of Fame.[25]

I 2004 rangerte Rolling Stone dei på 76. plassen på lista deira over dei 100 beste artistane gjennom tidene. Dei plasserte òg to av songane deira, «Will You Love Me Tomorrow» og «Tonight's the Night», på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2010 låg «Will You Love Me Tomorrow» på 126. plassen og «Tonight's the Night» på 409. plassen.[26]

Soga til The Shirelles var tema i Baby It's You!, ein musikal skriven av Floyd Mutrux og Colin Escott, som følgjer soga til Greenberg og Scepter Records.[27] 148 show av musikalen gjekk på Broadway i 2011.[28]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
År 1Album Billboard 200 Plateselskap
1961 The Shirelles Sing to Trumpets and Strings Scepter Records
Tonight's the Night
1962 The Shirelles and King Curtis Give a Twist Party
Baby It's You 59
1963 Foolish Little Girl 68
1965 Hear and Now Pricewise Records
Swing the Most
1967 Spontaneous Combustion Scepter Records
1971 Happy and in Love RCA Records
1972 The Shirelles
1973 Eternally, Soul Scepter Records

Samlealbum

[endre | endre wikiteksten]
År Album Billboard 200 Plateselskap
1963 The Shirelles' Greatest Hits 19 Scepter Records
1964 The Shirelles Sing the Golden Oldies
1967 The Shirelles's Greatest Hits Vol. II
1972 Remember When Volume 1 Wand Records
Remember When Volume 2
1975 The Very Best of The Shirelles United Artists Records
1984 Anthology 1959-1964 Rhino Records
År Singel (A-side, B-side)
Både sider frå same album utanom der anna er nemnt
Salslister[17] Album
US US
R&B
UK
1958 «I Met Him On A Sunday (Ronde-Ronde)»
med «I Want You To Be My Boyfriend»
49 Ikkje på album
«My Love Is A Charm»
med «Slop Time»
«I Got The Message»
med «Stop Me»
1959 «Dedicated To The One I Love»
med «Look A Here Baby» (Ikkje på album)
83 Tonight's The Night
«Doin' The Ronde»
med «A Teardrop and A Lollipop» (Ikkje på album)
1960 «Please Be My Boyfriend»
med «I Saw A Tear» (frå The Shirelles Sing To Trumpets and Strings)
The Shirelles' Greatest Hits Vol. II
«Tonight's The Night»
med «The Dance Is Over»
39 14 Tonight's The Night
«Will You Love Me Tomorrow»
med «Boys»
1 2 4
1961 «Dedicated To The One I Love» (reissue)
med «Look A Here Baby» (Ikkje på album)
3 2
«Mama Said»
med «Blue Holiday»
4 2 The Shirelles Sing To Trumpets and Strings
«A Thing Of The Past» / 41 26 Baby It's You
«What A Sweet Thing That Was» 54 The Shirelles Sing To Trumpets and Strings
«Big John (Ain't You Gonna Marry Me)»
med «Twenty-One»
21 2 Baby It's You
«Baby It's You» / 8 3
«The Things I Want To Hear (Pretty Words)» 107
1962 «Soldier Boy» / 1 3 23
«Love Is A Swingin' Thing» 109 Twist Party (With King Curtis)
«Welcome Home, Baby» / 22 20
«Mama, Here Comes The Bride» 104
«Stop The Music» / 36 The Shirelles' Greatest Hits
«It's Love That Really Counts (In The Long Run)» 102
«Everybody Loves A Lover»
med «I Don't Think So» (frå Foolish Little Girl)
19 15
1963 «Foolish Little Girl» / 4 9 38 Foolish Little Girl
«Not For All the Money In The World» 100
«Don't Say Goodnight and Mean Goodbye»
med «I Didn't Mean To Hurt You»
26
«What Does A Girl Do?»
med «Don't Let It Happen To Us» (Ikkje på album)
53 * The Shirelles Swing The Most
«It's A Mad, Mad, Mad, Mad World» / 92 * It's A Mad, Mad, Mad, Mad World
«31 Flavors» 97 *
1964 «Tonight You're Gonna Fall In Love With Me»
med «20th Century Rock N' Roll» (frå It's A Mad, Mad, Mad, Mad World)
57 * Hear & Now
«Sha-La-La»
med «His Lips Get In The Way» (frå The Shirelles Swing The Most)
69 *
«Thank You Baby»
med «Dooms Day» (frå Hear & Now)
63 * The Shirelles' Greatest Hits Vol. II
«Maybe Tonight» / 88 * Hear & Now
«Lost Love» 125 *
«Are You Still My Baby»
med «I Saw A Tear» (frå The Shirelles Sing To Trumpets and Strings)
91 * Ikkje på album
1965 «Shhh, I'm Watching The Movie»
med «A Plus B»
«March (You'll Be Sorry)»
med «Everybody's Goin' Mad» (frå It's A Mad, Mad, Mad, Mad World)
108
«My Heart Belongs To You»
med «Love That Man» (Ikkje på album)
125 The Shirelles' Greatest Hits Vol. II
«Mama, My Soldier Boy Is Coming Home»
med «Soldier Boy» (frå Baby, It's You)
Ikkje på album
1966 «I Met Him On A Sunday - '66»
med «Love That Man» (Ikkje på album)
The Shirelles' Greatest Hits Vol. II
«Que Sera Sera»
med «Till My Baby Comes Home»
Remember When
«Shades Of Blue»
med «When The Boys Talk About The Girls» (frå Remember When)
122 Ikkje på album
«Teasin' Me»
med «Look Away»
1967 «Don't Go Home (My Little Darlin')»
med «Nobody Baby After You» (Ikkje på album)
110 The Shirelles' Greatest Hits Vol. II
«Bright Shiny Colors»
med «Too Much Of A Good Thing»
Ikkje på album
«Last Minute Miracle»
med «No Doubt About It»
99 41 Spontaneous Combustion
1968 «Sweet Sweet Lovin'»
med «Don't Mess With Cupid»
Ikkje på album
«Call Me (If You Want Me)»
med «There's A Storm Going On In My Heart»
1969 «A Most Unusual Boy»
med «Look What You've Done To My Heart»
«Playthings»
med «Looking Glass»
«Go Away and Find Yourself»
med «Never Give You Up (Never Gonna Give You Up)»
1970 «There Goes My Baby/Be My Baby»
med «Strange, I Love You»
«It's Gonna Take A Miracle»
med «Lost»
«Dedicated To The One I Love» (new version)
med «Take Me»
1971 «No Sugar Tonight»
med «Strange, I Love You»
Happy and In Love
1972 «Sunday Dreaming»
med «Brother, Brother»
The Shirelles
1973 «Let's Give Each Other Love»
med «Deep In The Night» (frå The Shirelles)
Ikkje på album
«Do What You've A Mind To»
med «Touch The Wind»

| * det var ikkje RnB-lister i Billboard på denne tida.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]