Make It Easy on Yourself

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Make It Easy on Yourself
Singel av Jerry Butler
frå albumet Need to Belong & Other Great Performances
B-side «It's Too Late»
Utgjeve juni 1962
Innspelt 1962
Sjanger R&B
Lengd 2:30
Selskap Vee-Jay Records
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Hal David
Produsent Calvin Carter
Jerry Butler-kronologi
«Island of Sirens»
(1961)
Make It Easy on Yourself «You Can Run But You Can't Hide»
(1965)


«Make It Easy On Yourself» er ein popsong skriven av Burt Bacharach og Hal David og først spelt inn av Jerry Butler i 1962 og sidan vorte ein hit for the Walker Brothers - som nådde førsteplassen i Storbritannia med songen - og Dionne Warwick.

Jerry Butler[endre | endre wikiteksten]

Make it easy on yourself
'Cause breaking up is so very hard to do

Hal David (1963)

Talentspeidaren til Chicago-baserte Vee-Jay Records, Calvin Carter, hadde med seg «Make It Easy on Yourself» frå ein tur til New York City der han leita etter songar. Carter spelte demoen av «Make It Easy on Yourself» — med Dionne Warwick på vokal - for Vee-Jay-artisten Jerry Butler som kommenterte: «Det er ein flott song, og ei jente som syng han, og arrangementet, det er ein hit». Då Carter forklarte at Florence Greenberg, eigaren av Scepter Records som nyleg hadde signert kontrakt med Warwick, ikkje var interessert i «Make It Easy on Yourself» vart Butler ekstatisk og ønskte det same arrangementet som på demoen og flydde til New York City for å spele inn songen i lag med Burt Bacharach (sjølv om Bacharach offisielt berre tilskriven for arrangementet). «Make It Easy on Yourself» vart gjeven ut i juni 1962 og nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 i august det året. Han nådde òg 18. plass på R&B-lista.[1]

The Walker Brothers[endre | endre wikiteksten]

Make It Easy on Yourself
Singel av The Walker Brothers
frå albumet Take It Easy with The Walker Brothers
B-side «But I Do»
Utgjeve August 1965
Innspelt Juni 1965 i Philips studios i Marble Arch
Sjanger Pop
Lengd 3:11
Selskap Philips Records
Smash Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Hal David
Produsent Johnny Franz
The Walker Brothers-kronologi
«Love Her»
(1965)
Make It Easy on Yourself «My Ship Is Coming In»
(1965)


Den mest suksessrike versjonen av «Make It Easy on Yourself» var singelen til the Walker Brothers frå 1965 som nådde 16. plass på Hot 100-lista i USA desember det året.[2] I Storbritannia gjekk songen heilt til topps i september 1965.[3]

Sjølv om London var basert i London var the Walker Brothers godt kjend med den originale songen frå 1962 og gruppemedlemmet John Maus foreslo at the Walker Brothers skulle spele inn «Make It Easy on Yourself». Songen vart spelt inn i juni 1965 i Philips studios i Marble Arch, arrangert av Ivor Raymonde som dirigerte orkesteret sitt og produsert av eigaren av Philips, Johnny Franz. Med på innspelinga var mellom andre Vic Flick and Big Jim Sullivan på gitar og Ronnie Verrell på trommer.[4]

I 2001 vart the Walker Brothers-versjonen av «Make It Easy On Yourself» sampla av det nordirske bandet Ash å singelen deira «Candy».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Philips - BF 1428 / Smash Records S-2000/S-2009
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Make It Easy on Yourself»   Burt Bacharach, Hal David 3:14
2. «But I Do»   Paul Gayten, Robert Guidry 2:56

Dionne Warwick[endre | endre wikiteksten]

Make It Easy on Yourself
Singel av Dionne Warwick
frå albumet Very Dionne
B-side «Knowing When to Leave»
Utgjeve 1970
Innspelt 1970
Sjanger Pop
Lengd 3:32
Selskap Scepter Records
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach og Hal David
Produsent Blue Jac Production
Dionne Warwick-kronologi
«Paper Maché»
(1970)
Make It Easy on Yourself «The Green Grass Starts to Grow»
(1970)


Dionne Warwick song i studio for the Drifters på «Mexican Divorce» - innspelt i februar 1962 - og ho vart lagt merke til av Burt Bacharach som nytta ho mykje til å synge demoar av songane hans, og starta med «Make It Easy on Yourself». På bakgrunn av ei anna innspeling ho gjorde av «It's Love That Really Counts», fekk Warwick platekontrakt hos Florence Greenberg for Scepter Records. Greenberg gav sistnemnde songen til the Shirelles som ei B-side medan han avslo «Make It Easy on Yourself» heilt og han vart i staden spelt inn av Jerry Butler. Warwick hadde rekna med at «Make It Easy on Yourself» skulle bli den debutsingelen hennar, men då ho fekk vite frå Bacharach og låtskrivaren Hal David at Jerry Butler hadde spelt inn songen vart ho særs skuffa og trudde ikkje på låtskrivarane då dei sa at dei skulle skrive ein minst like bra song for ho og svarte: «Don't make me over, man» (Ikkje lur meg). Bacharach og David vart inspirert av reaksjonen til Warwick og skreiv songen «Don't Make Me Over», som vart songen som Warwick braut gjennom med.

Demoversjonen til Warwick av «Make It Easy on Yourself» vart gjeve ut som eit albumspor på debutalbumet til Warwick i 1963, Presenting Dionne Warwick, men sporet som var ein hit for ho var ei innspeling frå ein konsert i Garden State Center i Holmdel sommaren 1970. Singelen nådde andreplassen på Hot Adult Contemporary-lista og 37. plass på poplista.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1966 spelte Cilla Black inn ein versjon av songen for det andre studioalbumet hennar, Cilla Sings a Rainbow som nådde femteplassen på den britiske albumlista.

«Make It Easy on Yourself» var tittelsporet på eit album frå 1969 av Burt Bacharach der Bacharach sjølv syng songen medan han spelar piano.

The Carpenters inkluderte «Make It Easy on Yourself» i ein medley av Bacharach/David-songar i mai 1971 for albumet Carpenters.

Johnny Mathis-albumet Song Sung Blue frå 1972, produsert av Jerry Fuller, hadde med ein versjona v «Make It Easy on Yourself» og vart gjeve ut som singel. Singelen nådde 16. plass på Easy Listening-lista og 103. plass på poplista. I Storbritannia vart albumet Song Sung Blue gjeve ut som Make It Easy on Yourself.

I 1997 vart «Make It Easy on Yourself» gjeve ut som ei «B-side» på albumet A Short Album About Love av the Divine Comedy.

«Make It Easy on Yourself» har òg blitt spelt av Rick Astley, Long John Baldry, Tony Bennett, Cilla Black, Glen Campbell, the Four Seasons, Connie Francis, the Three Degrees, Jackie Trent, Sarah Vaughan og i ein medley med «Baby I'm Yours» - av Bobby Vee.

I 2011 spelte Ronan Keating inn songen for albumet When Ronan Met Burt.

Ein franskspråkleg versjon av songen heiter «Mais n'essaie pas de me mentir» og vart spelt inn av Claude François (som var med å skrive «My Way»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Butler, Jerry (2004). Only the Strong Survive: Memoirs of a Soul Survivor (1st paperback utg.). Bloomington IN: Indiana University Press. s. 116. ISBN 0-253-21704-0. 
  2. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1042/3. ISBN 1-84195-017-3. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 589/590. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. Reynolds, Anthony (2009). The Impossible Dream: The Story of Scott Walker and the Walker Brothers (1st utg.). London UK: Jawbone Press. s. 80. ISBN 978-1-906002-25-1. 
  5. Dominic, Serene (2002). Burt Bacharach, song by song: the ultimate Burt Bacharach reference for fans. London: Omnibus Press. s. 73, 83–84, 93. ISBN 0-8256-7280-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]