Hopp til innhald

Don't Start Me Talkin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don't Start Me Talkin'
Singel av Sonny Boy Williamson II
B-side

All My Love in Vain

Utgjeve September 1955[1]
Innspelt Chicago i Illinois i USA, 12. august 1955[2]
Sjanger Chicagoblues
Lengd 2:36
Selskap Checker (no. 824)
Låtskrivar(ar) Sonny Boy Williamson
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon[2]
Sonny Boy Williamson II-kronologi 
«Boppin' with Sonny»
(1955)
Don't Start Me Talkin' «Let Me Explain»
(1956)


«Don't Start Me Talkin'» (òg kalla «Don't Start Me to Talkin'») er ein bluessong skriven og framført av Sonny Boy Williamson II. Det var den første singelen Williamson spelte inn for Checker Records,[3] og han nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard R&B-lista i 1955.

Innspeling

[endre | endre wikiteksten]

Etter at Trumpet Records la inn årene, hadde Sonny Boy Williamson II den første innspelinga si for Checker Records den 12. august 1955. «Don't Start Me Talkin'» vart spelt inn denne dagen.[3] Williamson sjølv song og spelte munnspel, og han hadde elles med seg Otis Spannpiano, Muddy Waters og Jimmy Rogersgitar, Willie Dixonbass og Fred Belowtrommer.[2][3]

«Don't Start Me Talkin'» vart gjeven ut på singel i september 1955, ein månad etter han vart innspelt.[1] Songen nådde tredjeplassen på Billboard R&B Singles-lista.[4]

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Begge sidene av singelen kom ut på debutalbumet til Williamson i 1959, Down and Out Blues, som vart innlemma i Blues Hall of Fame in 2007.[5]

Andre utgåver

[endre | endre wikiteksten]

James Cotton, som lærte å spele munnspel av Williamson, spelte inn «Don't Start Me Talkin'», for albumet The James Cotton Blues Band i 1967.[6] New York Dolls spelte inn songen for det andre albumet deira, Too Much Too Soon.[7] Bob Dylan spelte songen på The David Letterman Show i 1984. Andre musikarar som har spelt songen er mellom andre John Hammond jr., The Doobie Brothers, Dion, The Yardbirds, Climax Blues Band, Champion Jack Dupree, Rory Gallagher, Willie «Big Eyes» Smith, Fenton Robinson, Good Rockin' Charles[8] og Gary Moore.[9]

  1. 1,0 1,1 «Reviews of New R&B Records». Billboard: 43. 24. september 1955. Henta 1. november 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Chess Blues 1947–1967 (CD notes). Various artists. Chess/MCA Records. 1992. CHD4-9340. Arkivert frå originalen 5. januar 2011. Henta 1. november 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Robert Palmer. Deep Blues. Penguin Books. s. 215. ISBN 978-0-14-006223-6. 
  4. «Sonny Boy Williamson – Billboard Singles». AllMusic. Henta 1. november 2020. 
  5. Past Hall of Fame Inductees Arkivert 22. august 2009 ved Wayback Machine. Blues Foundation. Henta 10. januar 2011.
  6. Dahl, Bill. «Overview: The James Cotton Blues Band by James Cotton». AllMusic. Henta 1. november 2020. 
  7. Stephen Thomas Erlewine. «Overview: Too Much Too Soon by New York Dolls». AllMusic. Henta 1. november 2020. 
  8. «The Devil's Music - Original TV Soundtrack | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 27. oktober 2020. 
  9. «Track search: Don't Start Me Talkin'». AllMusic. Henta 1. november 2020. [daud lenkje]