Sfinks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sfinks (utt. svings eller svinks) er eit fabeldyr med kropp som ei løve og hovud av eit menneske eller eit anna dyr. Sfinksar er særleg kjende frå det gamle Egypt, særleg gjennom sfinksen i Giza. Vesenet blei seinare teke opp i gresk mytologi, der det tok opp trekk frå ein annan skikkelse. I seinare europeisk kultur blei sfinksen teke opp i kunst frå renessansen. Ein finn også sfinks-aktige figurar i andre kulturar frå middelhavslanda og Asia.

Denne gravstatuen av dronning Hetepheres II frå det fjerde dynastiet er ofte rekna som den eldste framstillinga av ein sfinks. Statuen er no i Det egyptiske museet i Kairo.

Den egyptiske sfinksen stammar frå Det gamle riket (2000-talet f.Kr.). Den vanlegaste framstillinga av sfinksen er som ei liggande løve med menneskehovud, men ein finn også sfinksar med falk-, hauk- eller vêrhovud. På denne tida var det vanleg å laga skulpturar av løver med hovudet til guddomen knytt til området dei blei laga, eller som var viktig i landet då. Sfinksen var knytt til solguden Sekhmet og blei seinare symbol for sola, farao og landet Egypt. Han verna mot vondt, og blei sett opp for å verna graver og tempel.

Gresk sfinks.
Foto: Ricardo André Frantz

I det gamle Hellas hadde sfinksen gjerne ørnevinger, og kunne i tillegg ha bryst som ei kvinne og slangehale. Denne sfinksen er best kjend for å ha vakta Theben ved å stilla alle som gjekk forbi ei gåte, og derette kvela og sluka dei som ikkje kunne svara. Sogehelten Ødipus løyste gåta, og sfinksen kasta seg ned frå klippa han stod på og døydde.

Sfinks i seinare europeisk kunst[endre | endre wikiteksten]

La Granja, Spania, midten av 1700-talet.

Frå renessansen tok ein til å framstilla greske sfinksar i europeisk kunst. «Manierisme-sfinksen» eller «den franske sfinksen» er framstilt dels som ei tiltrekkande ung kvinne, dels som ei naturtru løve. Dei nye sfinksane var inspirerte av keisar Nero sitt hus Domus Aurea, som ein fann på slutten av 1400-talet. Ein loggia ved Vatikanpalasset som blei utsmykka av Rafael i 1510-åra inneheldt mellom anna sfinksar. Sfinksane kom til Frankrike først gjennom Fontainebleauskulen, og spreidde seg til resten av Europa. Dei blei mellom anna mykje nytta til å pynta slottsparkar på 1700-talet, mellom anna Belvedereparken i Wien, Sanssouci i Potsdam, La Granja i Spania, Branickislottet i Białystok og i seinrokokkostil ved det portugisiske nasjonalslottet Queluz, med pipekrage og ein liten kep over brystet.

Mann og gepardsfinks i eit symbolistisk måleri av Fernand Khnopff frå 1896.

Med nyklassisismen gjekk ein noko tilbake til den ukledde og uflidde klassiske sfinksen i europeisk utsmykking. Også i romantikken og symbolismen avbilda ein sfinksen, hovudsakleg med peik til den greske mytologien heller enn den egyptiske, sjølv om desse sfinksane ikkje alltid hadde vinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sfinks