Hopp til innhald

Dorchester i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dorchester
by
Land  England
Region Dorset
Distrikt West Dorset
Areal 4,92 km²
Folketal 21 358 (2021)[1]
Grunnlagd 70 evt.
Postnummer DT1
Retningsnummer 0 1305
Kart
Dorchester i Dorset
50°42′39″N 2°26′23″W / 50.710833333333°N 2.4397222222222°W / 50.710833333333; -2.4397222222222
Wikimedia Commons: Dorchester, Dorset

Dorchester er ein marknadsby i Dorset i England. Han ligg ved elva Frome, omkring 32 km vest for Poole og 8 km nord for Weymouth. Dorchester har vore administrasjonsby for grevskapet sidan 1305, og er òg administrasjonssenter for distriktet West Dorset. Sjølve byen har drygt 20 000 innbyggjarar, og med nærområdet er det omkring 40 000 menneske.

Dorchester i 2004.

Det er to jernbanestasjonar, med samband til London, Southampton og Bristol. A35 gjekk tidlegare gjennom byen, men sidan slutten av 1980-åra har han vore ført utanom.

Charles, prinsen av Wales, stod bak konstruksjonen av Poundbury, ein eksperimentell, sjølvforsynt landsby rett austom bygrensa.

Omkring 3 km sørvest for sentrum i byen ligg jernalderfortet Maiden slott, som var ein av dei mektigaste festningane i det før-romerske Britannia. Romarane tok det over, og seinare vart det kontrollert av saksarane. Han som hadde kontroll over Maiden slott kontrollerte òg store delar av Dorset.

Byen vart grunnlagd av romarane under namnet Durnovaria i år 70. Det finst enno spor frå romersk tid, blant anna delar av bymuren og grunnmuren frå eit romersk hus.[2] Dorset grevskapsmuseum har ei rekkje funn frå romersk tid. Rett utanfor byen ligg Maumbury med eit romersk amfiteater, og Poundbury Hill, som var ei romersk festning.[2]

normannarane erobra England i 1066 hadde ikkje Dorchester stor tyding. Det blei bygd ei normannisk borg her som ikkje har overleved. I 1364 blei det grunnlagt eit kloster som heller ikkje har overlevt. Seinare i mellomalderen bløma byen.[3] Han blei eit økonomisk og politisk sentrum for sørlege Dorset, med tekstilhandel og produksjon som heldt fram til 1600-talet.[4]

På 1600-talet var byen eit sentrum for den puritanske rørsla. Den lokale presten John White organiserte busetjinga i Dorchester i Massachusetts,[5] og det er fleire andre byar i Nord-Amerika som fekk same namn av dei puritanske grunnleggjarane sine. Under borgarkrigen gjorde byen kraftig motstand mot rojalistane.[6]

I 1685 mislukkast James Scott, 1. hertug av Monmouth med eit invasjonsforsøk. Nesten 300 av mennene hans vart dømde til døden eller transportering av domar George Jeffreys under Dei blodige rettsmøta, som vart haldne i Dorchester.[7]

Tre store brannar, i 1613, 1725 og 1775, øydela store delar av byen,[3] men ein del mellomalderbygningar er verna. Blant desse er bustaden til domar Jeffreys og eit fattighus frå tudortida.

Kjende personar

[endre | endre wikiteksten]

Diktaren Thomas Hardy er eit av dei mest kjende byborna. Han baserte den fiktive byen sin Casterbridge på Dorchester. Barndomsheimen hans ligg austom byen, og huset han budde i inne i byen, Max Gate, er ope for publikum. William Barnes, som skreiv poesi på den lokale dialekten, var òg frå Dorchester. Det står statuar av begge i sentrum. Hjartet til Hardy og nok ein diktar, Cecil Day Lewis, er gravlagde i Stinsford,[8] omkring halvannan kilometer frå byen.

Søraust for byen står Hardymonumentet, som er eit minnesmerke for sir Thomas Masterman Hardy, ein av offiserane til Horatio Nelson.

Daniel Defoe skreiv at «ein mann kan like gjerne tilbringe tid i Dorchester som i nokon annan by i England».[9]

  1. «Parish Profiles»; vitjingsdato: 5. august 2024; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: GSS E04003533 (Dorchester (Dorset) parish) in tables PP001 (Number of Households) and PP002 (Sex).
  2. 1 2 Rough Guide to Hampshire, Dorset & the Isle of Wight. Rough Guides. 2010. s. 95–102. ISBN 978-1-84836-159-1.
  3. 1 2 Hyams, John (1970). Dorset. B T Batsford Ltd. s. 147. ISBN 0-7134-0066-8.
  4. Taylor (1970)
  5. «Rev John White, MA: Patriarch of Dorchester & Founder of Massachusetts». 2. juli 2016. Arkivert frå originalen 28 November 2011. Henta 2 October 2016.
  6. Hopper, Andrew (2012). Turncoats and Renegadoes: Changing Sides During the English Civil Wars. Oxford University Press. s. 105. ISBN 978-0-19-957585-5.
  7. Criswick, James (1820). A Walk Round Dorchester. J. Criswick. s. 11–12.
  8. «St Michael’s Church, Stinsford». coolplaces.co.uk. Henta 19 December 2013.
  9. «The town is populous, tho' not large, the streets broad, but the buildings old, and low; however, there is good company and a good deal of it; and a man that coveted a retreat in this world might as agreeably spend his time, and as well in Dorchester, as in any town I know in England». – Daniel Defoe iA tour thro' the whole island of Great Britain (1724–26). Chandler (1990; s. 72)
Bibliografi
  • Bingham, A. (1987) Dorset : Ordnance Survey landranger guidebook , Norwich: Jarrold, ISBN 0-319-00187-3
  • Chandler, J. H. (1990) Wessex images, Gloucester: Alan Sutton and Wiltshire County Council Library & Museum Service, ISBN 0-86299-739-9
  • Draper, J. (1992) Dorchester : An illustrated history Wimborne: Dovecote Press, ISBN 1-874336-04-0
  • Morris, J. and Draper, J. (1995) "The 'Enclosure' of Fordington Fields and the Development of Dorchester, 1874–1903", Dorset Natural History and Archaeological Society proceedings, v. 117, p. 5–14, ISSN 0070-7112
  • Pitt-Rivers, M. (1966) Dorset, A Shell guide, New ed., London: Faber, ISBN 0-571-06714-X
  • Taylor, C. (1970) Dorset, Making of the English landscape, London: Hodder & Stoughton, p. 197–201, ISBN 0-340-10962-9
  • Waymark, J, (1997) "The Duchy of Cornwall and the Expansion of Dorchester, c. 1900–1997", Dorset Natural History and Archaeological Society proceedings, v. 119, s. 19–32, ISSN 0070-7112

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dorchester i Dorset