Dronningvevkjerring
| Dronningvevkjerring | |
Dronningvevkjerring | |
| Status | |
| Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Chelicerata |
| Klasse: | Edderkoppdyr Arachnida |
| Orden: | Vevkjerringar Opiliones |
| Familie: | Phalangiidae |
| Slekt: | Megabunus |
| Art: | Dronningvevkjerring M. diadema |
| Vitskapleg namn | |
| Megabunus diadema | |
Dronningvevkjerring (Megabunus diadema) er ei vevkjerring (langbein) som finst utbreidd i nordvestlege delar av Europa: på Island og Færøyene, Storbritannia, vest i Frankrike og nord i Spania. I Noreg finst han òg, på vestkysten frå Trøndelag til Vest-Agder.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Dronningvevkjerring er, som andre vevkjerringer, eit åttebeint lite dyr med særs lange bein i høve til kroppen, lange bein-aktige pedipalpar og augo plassert på ein slags «pidestall» (augetuberkel) om lag midt på kroppen. Arten er lett å skilja frå andre nordiske artar på strukturen som har gitt han namnet sitt; «diademet» som omkransar augetuberkelen.
Hoene er som regel 3,2-4,8 mm lange. Hannar er særs sjeldne, sidan arten for det meste formeirar seg ved partenogenese - jomfrufødsel.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Vevkjerringa lever på stein i barskog og blandingsskog, på myrer og i lyngheier. I motsetnad til mange andre vevkjerringar er ikkje arten særleg sensitiv overfor lys.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stol, Ingvar: Jakten pa den partenogenetiske langbein Megabunus diadema (Opiliones) i Insekt-Nytt 1, 1999
- Stol, Ingvar: Ecology and body size of the parthenogenetic Megabunus diadema (Fabricius, 1779) (Opiliones: Phalangiidae) at Karmøy, Western Norway i Fauna Norvegica 25: 39-44 (2005, Abstract)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) dronningvevkjerring hos Artsdatabanken
- (en) dronningvevkjerring i Catalogue of Life
- (en) dronningvevkjerring i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) dronningvevkjerring hos Dyntaxa
- (en) dronningvevkjerring hos Fauna Europaea