Drury på New Zealand

Koordinatar: 37°06′S 174°57′E / 37.100°S 174.950°E / -37.100; 174.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drury på New Zealand
busetnad
St John's Church i Drury
Land  New Zealand
Region Auckland
Distrikt Franklin
Kart
Drury på New Zealand
37°06′07″S 174°56′49″E / 37.102°S 174.947°E / -37.102; 174.947
Wikimedia Commons: Drury, New Zealand

Drury er ein liten stad som ligg i distriktet Franklin ved sørgrensa til AucklandNew Zealand. Byen ligg 12 km nordaust for Pukekohe, nær Papakura Channel, ein arm i den naturlege hamna Manukau Harbour.

Byen, som ligg 35 km sør for bysentrum i Auckland, var til for ikkje lang tid sidan ein heller liten, halvt landleg busetnad ved foten av den låge åsrekkja Bombay Hills. Voksteren til Auckland har etter kvart gjort Drury til ein sørleg forstad nær kryssinga mellom hovudvegane State Highway 1 og 22, som båe leier sørover mot regionen Waikato.

Drury var tidlegare tilhaldsstad for ein militærbase. Då basen vart nedlagt, gjekk folketalet attende, og var ved folketeljinga i 2006 3 582 menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

37°06′S 174°57′E / 37.100°S 174.950°E / -37.100; 174.950

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.