Forkynnaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Og tenk på din skapar i ungdomsdagarne, Fyrr dei vonde dagarne kjem, Og det lid til dei åri då du lyt segja: «Eg likar deim ikkje;»
Fyrr soli myrkjest, Og ljoset og månen og stjernorne, Og skyer kjem att etter regnet;
Den tid då hus-vaktmennerne skjelv, Og dei kraftige mennerne krøkjest, Og handkvern-gjentorne skoftar for dei er so få, Og dei som ser ut gjenom gluggarne dimmest,
Og gatedørerne stengjest med kverne-duren spaknar; Då ein ris upp med fyrste fuglekvitring, Og alle songmøyar lågmælte vert;
Då ein og er rædd for kvar ein bakke, Og skræmslor ventar på vegen, Og mandeltreet blømer, Og grashoppen karar seg fram, Og kapersberet dovnar; For menneskja fer til sitt æve-hus, Og gråtarane gjeng ikring på gata; -
Fyrr sylvsnori slitnar, Og gullskåli brotnar, Og krukka ved kjelda gjeng sund, Og hjulet dett brotna i brunnen,
Og moldi fer atter til jordi som fyrr ho var, Og åndi gjeng atter til Gud som ho gav.
Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, alt er fåfengt!

Forkynnaran 12,1-8 etter Studentmållagsbibelen

Forkynnaren (i dei gamle bibelomsetjingane kalla Preikaren) er ei bok i Det gamle testamentet. Boka har det greske namnet Ecclesiastes og det hebraiske namnet Kohleleth - begge orda tyder 'talaren'.

Boka er truleg notat skrivne til bruk ved offentlege talar. Forfattaren presenterer seg som son åt David og konge i JerusalemFork.1,1, og skal etter tradisjonen vere kong Salomo. Men boka viser eit heilt anna bilete av Salomo enn det tradisjonelle biletet av kongen. «Berre fåfengd, seier Forkynnaren, berre ideleg fåfengd! Kva vinning har mennesket av alt sitt strev, som det møder seg med under sola?»Fork.1,2 Dette pessimistiske livssynet tyder på at boka er skriven i hellenistisk tid, omkring år 200 f.Kr.

Boka har parallellar i kulturen i Det nære austen i oldtida, der tema som at livet er eit strev og at døden er uungåeleg, går att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]