Hopp til innhald

Eaea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Eaea»
Song av Blanca Paloma

Land Spania
Språk Spansk
Utgjeve 20. desember 2022
Sjanger Nyflamenco
Lengd 03:00
Selskap Warner Music Poland
Komponist Blanca Paloma, Álvaro Tato
Tekstforfattar Blanca Paloma
Låtskrivar(ar) Blanca Paloma Ramos, José Pablo Polo, Álvaro Tato

«Eaea» er ein flamenco-inspirert song frå 2022 med den spanske artisten Blanca Paloma. Songen blei gjeven ut 20. desember 2022 og vann songtevlinga Benidorm Fest 2023 – den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gjennom sigeren blei «Eaea» det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia. Der enda songen på 17. plass.[1][2]

«Eaea» er skriven som en kallesong, eller voggesong, retta mot eit barn.[3] Tittelen «Eaea» har inga tyding utover å vere eit kallerop eller nynning. Sjølv har Blanca Paloma fortalt at songen er eit bodskap frå bestemoras kultur og musikalske røter til ho sjølv.[3] Då artisten var barn, song bestemora Carmen ein song som gjorde narr av døden – noko som stamma frå røtene til bestemora frå Sevilla.[3]

«Eaea» er ein såkalla nyflamenco, ein sjanger som blandar flamenco-rytmar og tonar med moderne musikkformer som pop, jazz, verdsmusikk, blues og elektropop.[3]

«Eaea» blei gjeven ut 22. desember 2022 og var blant bidraga i den spanske musikktevlinga Benidorm Fest 2023. Songen vann finalen laurdag 4. februar og ble med det det spanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[4][5] Som eit av dei fem store landa var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai.[6] I finalen fekk «Eaea» 100 poeng og enda på 17. plass.[7][8] Songen kom sist i telefonavrøystinga og fekk kun 5 poeng frå sjåarane; dei resterande 95 poenga kom frå fagjuryane.[9]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2023) Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[10] 67
  1. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 2023-05-18.
  2. «BlancaPaloma». eurovision.tv (på engelsk). Henta 2023-05-18.
  3. 1 2 3 4 Fuster, Luis (2023-02-03). «Shelterfor your grief: The story behind Blanca Paloma's flamenco lullaby "Eaea"». wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Henta 2023-02-11.
  4. Baugh, Samuel George (2023-02-04). «Spain: Blanca Paloma wins Benidorm Fest 2023». wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Henta 2023-02-11.
  5. «Spain: Blanca Paloma takes the 'Benidorm Fest' trophy with 'Eaea'». eurovision.tv (på engelsk). 2023-02-04. Henta 2023-02-11.
  6. «BlancaPaloma takes the 'Benidorm Fest' trophy with 'Eaea'». coolradiospain.com (på engelsk). Henta 2023-02-11.
  7. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 2023-05-18.
  8. «BlancaPaloma». eurovision.tv (på engelsk). Henta 2023-05-18.
  9. «Resultsof the Grand Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 2023-05-18.
  10. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.