Edelmetall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edelmetall

Edelmetall er metall som er kjemisk lite reaktive, særleg med vatn og oksygen, men også av fortynnande syrer. Dette gjer dei lite utsette for korrosjon og oksidasjon. Edelmetall finst gjerne i fri tilstand i naturen.

Døme på edelmetall er gull, sølv, platina og andre platinametall (ruthenium, palladium, osmium og iridium). Kvikksølv er rekna som eit halvedelt metall, medan aluminium, jern og sink er døme på uedle metall.

Ein kan måla kor edelt eit metall er gjennom reduksjons- eller oksidasjonspotensiala deira. Jo meir positivt reduksjonspotensial eit metall har, jo edlare er det. Gull er det edlaste av alle metall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Edelmetaller» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. juli 2015.