Edelpapegøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edelpapegøye

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete av eit par i ein dyrehage, hofugl til høgre Foto: Doug Janson
Bilete av eit par i ein dyrehage, hofugl til høgre
Foto: Doug Janson
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittaculidae
Slekt: Eclectus
Art: E. roratus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Eclectus parrot
  • Vitskapleg namn
    Eclectus roratus

    Edelpapegøye (Eclectus roratus) er ein papegøyeNy-Guinea og på nærliggande øyar, samt litt inn i nordlegaste i Australia. Arten skil seg ut i parakittfamilien for den ekstreme kjønnsdimorfismen i fjørdrakt; hannen har ei stort sett lys smaragdgrøn fjørdrakt, hofuglen ei stort sett raud og lillablå fjørdrakt.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Den markerte kjønnsdimorfismen ein ser i fargene i fjørdrakta hos edelpapegøyen er uvanleg i papegøyefamilien. Dette er ein tettvaksen, korthala papegøye på rundt 35-42 cm i kroppslengd. Hannen er hovudsakleg lys grøn. Han har blå primærfjører, og raude flankar og dekkarar på undervengen. Halen er kanta med eit smalt band av kremgult. Overnebbet er gulraudt, undernebbet svart.[1]

    Fjørdakta til edelpapegøyehoa er stort sett raudt og blått til blålilla. Hovudet og oversida er raud er med mørkare nyanser på oversida og vengene. Øvre ryggområdet, buken og dekkfjørene på undersida av vengene er mørk blå til ein meir lilla i farga, og vengen er kanta med klårare lillablått. Halen er kanta med gulaktig oransje både på oversida og undersida. Nebbet til vaksne hofuglar er svart.

    Skildringa ovanfor gjeld nominatforma. Fargemønstre hos hofuglane varierer mellom dei ca. 9 underartane. Til dømes har hofuglar frå Sumba og Tanimbar Islands heilraud buk. På nordre og sentrale Molukkane viser underarten vosmaeri den klåraste raudfarga av alle underartene, både på hovud og kropp, og dei har breiare gult endeband på halen.[1]

    Edelpapegøyen er papegøyearten med størst kjønnsdimorfisme. Kontrasten mellom den strålande smaragdgrøne fjørdrakta hos hannar og den djupt raude til lilla fjørdrakta hos hofuglar er så markert at fram til byrjinga av 1900-talet var desse fuglane trudd å vere av to ulike artar heller enn to kjønn av same arten.

    Ei mogleg forklaring på utviklinga av kjønnsdimorfismen for denne arten er at hoene utnyttar dei kontrastrike raude og blå fargene til annonsere nærværet og eigarskap til reirplassen, medan hannane som sankar føde har bruk for kamuflasje mot predatorar. [2]

    Kosthaldet til edelpapegøyar i naturen består hovudsakleg av frukt inkludert fikenlikande frukter, umodne nøtter, blomar og bladknoppar, og noko frø. Edelpapegøye har ein uvanlege lang fordøyingskanal.

    Utbreiingsområdet er over det meste av Ny-Guinea med nærliggande øyar, Salomonøyane, Sumba, ekstremt nordlege Queensland i Australia og på Molukkane.[3]

    I dei naturlege habitata byggjer edelpapegøyar reiret i hòler i høge regnskogtre. Eigna reirplassar er ettertrakta, og hofulglar forsvarer ein vald hekkeplass mot andre hofuglar. Ein høgtligande og tørr reirplass aukar reproduksjonen og hoa kan halde seg på reirplassen i opp til 11 månader i året for å verne om han. I motsetnad til andre papegøyeartar er edelpapegøyar polyandriske. Hoa som eig ein reirplass parar seg med hannar som bringer med føde. Kvart kull er på 2 kvite egg.

    Det finst framleis populasjonar av denne papegøyen som er monaleg stor. Nokre bestandar som er avgrensa til relative små øyar er etter måten sjeldne. Somme folk på Ny-Guinea nyttar dei klårt farga fjørene av denne arten som dekorasjonar. Ettersom edelpapegøyane ofte et av frukttre, vil somme rekna dei som skadedyr.

    Storleiken på den globale populasjonen er ikkje estimert, men trudd å vere minkande.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Collar, N. & Kirwan, G.M. (2017) Eclectus Parrot (Eclectus roratus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 15. februar 2017
    2. Lovette, Irby J. (2016). «How Birds Evolve». I Lovette, Irby J.; Fitzpatrick, John W. Handbook of Bird Biology (3. utg.). Cornell Lab of Ornithology. s. 77. ISBN 9781118291054. 
    3. 3,0 3,1 BirdLife International (2017) Species factsheet: Eclectus roratus. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. februar 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edelpapegøye