Edward Teller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edward Teller
EdwardTeller1958.jpg
Fødd15. januar 1908
Budapest
Død9. september 2003
Stanford
NasjonalitetUngarn, USA, Austerrike-Ungarn
Områdeteoretisk fysikk
Yrkekjernefysiker, faglitterær forfattar, universitetslærar, teoretisk fysikar, oppfinnar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
University of Chicago
Universitetet i Göttingen
Alma materUniversitetet i Leipzig
Universitetet i Göttingen
DoktorgradsrettleiarWerner Heisenberg
Friedrich Hund
EktefelleAugusta H. Teller
MedlemNational Academy of Sciences
Det ungarske vitskapsakademiet
International Academy of Quantum Molecular Science
American Academy of Arts and Sciences
American Association for the Advancement of Science

Edward Teller (fødd 15. januar 1908 i Budapest, død 9. september 2003) var ein ungarsk-amerikansk fysikar.

Teller gjorde seg tidleg merka for teoretiske arbeid innan kjernefysikken. I 1939 var han blant initiativtakarane til arbeidet med den kjernefysiske bomba. Etter andre verdskrigen var over ivra han for at USA òg skulle prøve å utvikle ei fusjonsbombe (hydrogenbombe), og kom dermed i opposisjon til fleire andre fysikarar som Robert Oppenheimer. Han vert rekna som oppfinnaren av hydrogenbomba.

Han studerte i Tyskland frå 1928 til 1933 og forelas ved University of London frå 1933 til 1936. Han vart så professor i fysikk ved George Washington University i Washington D.C. fram til 1941 og vart knytt til Columbia University. Her deltok han i Manhattanprosjektet ved Los Alamos National Laboratory frå 1941 til 1946. Han vart så professor i Chicago fram til 1952, og så fram til 1975 ved California University. I åra 1954–1975 var han dessutan direktør for Lawrence Livermore National Laboratory, eit sentrum for utvikling av kjernevåpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]