Robert Oppenheimer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Oppenheimer
Oppenheimer Los Alamos portrait.jpg
Fødd22. april 1904
New York by
Død18. februar 1967
Princeton
NasjonalitetUSA
Områdeteoretisk fysikk, anvendt fysikk
Yrketeoretisk fysikar, fysikar, ingeniør, kjernefysiker, Kunstsamlar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
University of Cambridge
California Institute of Technology
Alma materChrist's College
Harvard University
Cavendish Laboratory
Universitetet i Göttingen
Ethical Culture Fieldston School
Jesus College
DoktorgradsrettleiarMax Born
Wolfgang Pauli
EktefelleKatherine Oppenheimer
MedlemRoyal Society
American Philosophical Society
American Academy of Arts and Sciences
Phi Beta Kappa
National Academy of Sciences

Dr. Julius Robert Oppenheimer (fødd 22. april 1904 i New York, død 18. februar 1967 i Princeton) var ein amerikansk fysikar av tysk-jødisk opphav.

Han vart fødd i ein jødisk familie. Faren, ein rik tekstilimportør, hadde immigrert frå Tyskland i 1888. Robert Oppenheimer studerte fysikk, klassisk filologi, orientalistikk og kjemi ved Harvard, Cambridge og Göttingen. Han tok doktorgraden ved Göttingen, og arbeidde her med Niels Bohr og Edward Teller. I 1929 vart han professor ved Berkeley University i California.

Frå 1943 til 1945 leia han Manhattanprosjektet i New Mexico, som hadde som mål å utvikle atombomba. Han blir gjerne kalla «far til atombomba». Etter å ha sett kva for redslar bomba skapte i Hiroshima og Nagasaki vart han likevel ein overtydd motstandar av bruk av atomvåpen, og nekta å delta i utviklinga av hydrogenbomba. Han engasjerte seg i internasjonal lobbyverksemd for nedrusting og for internasjonal kontroll av alle atomvåpen. På 1950-talet vart han skulda for anti-amerikansk verksemd og påståtte tidlegare kommunistsympatiar, og vart fråteke tryggleiksklareringa si. Sjølv om han hadde mista all innverknad i USA, fortsette han å undervise, skrive og arbeide med fysisk forsking. Han vart først rehabilitert i 1963 av president Lyndon B. Johnson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Robert Oppenheimer