Eero Nelimarkka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eero Nelimarkka
Eero-Nelimarkka.jpg
Fødd 10. oktober 1891
Vasa
Død

27. januar 1977
Helsingfors

Yrke kunstmålar

Eero Alexander Nelimarkka (10. oktober 189127. november 1977) var ein finsk kunstmålar, fødd i Vasa, død i Helsingfors.

Eero Alexander Nelimarkka hadde utdanning frå kveldskurs på Centralskolan för konstflit 1909–11, og frå studium på Helsingfors universitets ritsal (1912–14) under Eero Järnefelt, og i 1912 og 1920 ved kunstskulane Académie de la Grande Chaumière, Académie Julian og hjå målaren André Lhote i Paris. Den fyrste utstillinga hadde han i 1913.

Han var mykje produktiv innanfor ulike stilartar i løpet av karrieren. I ungdomstida høyrde han til mellom dei meir moderate i den finske samanslutninga av ekspresjonistiske målarar, Novembergruppen (finsk: Marraskuun ryhmä), saman med mellom andre Alvar Cawén og Ragnar Ekelund. Denne gruppa hadde fem utstillingar mellom 1916 og 1924. Han har mellom anna måla portrett, inkludert eit sekstitals sjølvportrett, og altartavler mellom anna i Ijo kyrka og i bedehus i Vasa og i Laihela, og i kyrkjene i Skibotn og Lyngenfjorden i Noreg.

Nelimarkka var med på å skipe Österbottniska konstnärsförbundet. I 1966 fekk han den finske honnørtittelen professors namn, og på 1960-talet vart òg Nelimarkkamuseet i Alajärvi skipa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]